– Torbjørn Røe Isaksen: du veit ikkje kva du snakkar om, skriv Emil A. Hosøy.

Innlegget var først publisert i Nordhordland avis.

Eg har sett ein del innlegg i avisa om mobbing i det siste. I ganske lang tid faktisk, både frå lærarar, foreldre og elevar. Dette er forståeleg, for mobbing er eit stort problem. Det er viktig at menneske og grupper jobbar for å finna løysinga på slike problem og slik skapa ein betre kvardag for alle. Likevel kan eg ikkje la vera å spørja meg sjølv; er dette problemet blitt litt oppblåst? Kan det vera at det trekk merksemd vekk frå problem som er like viktige?

I skrivande stund går eg mitt andre år på vidaregåande skule, på yrkesfag. Eg kjenner elevar på nær sagt alle linjene og vil påstå at mobbing er eit mindre problem på vidaregåande enn på grunnskulen. Eg vil også påstå at mobbing ikkje er eit problem som rammar mange, men heller dei få utsette. Det eg vil fram til er at mobbing, generelt sett, senkar den gjennomsnittlege psykiske helsa i skulen marginalt. Det er andre ting som rammar mange fleire og som kanskje er like presserande å retta opp i som mobbing, og som kanskje til og med er ein del av problemet.

LES OGSÅ: – Mobbing er straffbart

I 8. klasse på grunnskulen byrjar norske elevar med karakterar. Dette representerer ei drastisk endring i skulekvardagen. Alt blir på eit vis meir verkeleg. Frå no av betyr det faktisk noko om ein får full pott eller stryk på ein prøve, for resultatet vert meisla i svart på kvitt ein gong i halvåret. Dette skapar ein ny type press på eleven, eit press mange ikkje har opplevd på kroppen før. Karakterpresset. Presset frå lærarar, foreldre og kanskje til og med frå medelevar om å gjera berre litt betre. Og om ein gjer det berre litt betre burde ein også klara å gjera det enda litt betre. Eg seier ikkje at dette er kvardagen for alle elevar, men det rammar hundre gangar, tusen gangar fleire enn mobbing gjer.

LES OGSÅ: «Naturhippiane vil heller at barn i Afrika skal utvinne mineral»

Dette presset eg snakkar om startar på grunnskulen. Resultatet skal ikkje berre bli godt nok til å få ein inn på vidaregåande skule, men det skal og bli noko foreldra til eleven kan vera stolte av. Slik har eg opplevd det sjølv, og kjenner mange som har det likeleis. Når 12-13 åringar får ei slik bør tredd nedover seg heilt plutselig er det noko mange rett og slett ikkje klarar å meistra.

Det vert verre på vidaregåande. Då skal ein koma inn på skulen neste år i tillegg til at ein skal få seg ein jobb om ikkje så alt for mange år. På grunn av dette må ikkje fråværet vera for høgt, og orden og åtferd må vera prikkfri. Ein må arbeida nok til prøvar og ein må vera aktiv i timen. Når ein får tre prøvar i veka i ein tre månaders periode (noko som ikkje er regelen, men som eg har vore borti) gjer det noko med ein. Når du så legg saman alle stressfaktorane får ein eit resultat som på ingen måte er fordelaktig.

LES OGSÅ: «Det er på tide med ein elsk-kroppen-din-revolusjon»

I dag er det mange som snakkar om den nye sytegenerasjonen, generasjonen som klagar og syt og ikkje har vilje til å gjennomføra nokon ting. Generasjonen som gjev opp med ein gong dei opplever motgang eller stress. Til dykk har eg berre ein ting å sei; dykk anar ikkje kva dykk snakkar om. Om du gjekk på vidaregåande for ti år sidan veit du rett og slett ikkje korleis det er der no. Og det vert verre år for år. I Osloskulen, og i grunnskulen spesielt, er det lærarar som segjer opp fordi dei ikkje orkar prøvepresset lenger. Lærarar! Tenk då på korleis elevane har det. Fråvær og utdropping aukar år for år, og det er ikkje etternølarar og «dårlige elevar» som droppar ut. Det gjeld ikkje berre dei svakaste. Det gjeld gjennomsnittseleven. Den nye fråværsgrensa kjem ikkje til å gjera saka betre. For dei elevane med angst og sosiale problem er det ofte meir fordelaktig å jobba heima på eigahand. Då får dei ofte like gode karakterar som alle andre. Når grensa trår i kraft kan det hende det senkar fråværet, men fleire kjem til å droppa ut.

LES OGSÅ: «Heller ikkje kattar skal sensurerast»

Eg er ingen skuleekspert, eller pedagog eller lærar for den del. Eg er ein elev. Eg ser ikkje frå utsida korleis stress og press påverkar eleven. Eg ser det frå innsida. Eg føler det på kroppen. Derfor har eg ei oppfordring til lærarane, og spesielt til foreldra; ta det litt med ro. Fekk sonen din 3 på ein prøve? Kva så? Han kan gjera det betre neste gong. Orka ikkje dotra di å på skulen i dag fordi dei har fire prøvar og ei innlevering denne veka? Sei at det er greitt. Ikkje be dei slutte å stresse slik, men sei at det går bra. Be dei ta seg ein pause. Du gjer ikkje bornet ditt ei teneste ved å pressa det til å alltid gjera sitt beste.

No skal det seiast at eg personleg aldri har slite på skulen. Gode karakterar har kome relativt lett for meg. Det er derfor eg skriv dette no. Eg har mange vener som slit på skulen. Vener med angst. Vener med stressproblem. Vener som snart ikkje orkar meir. Eg skriv dette på deira vegne, og håpar at nokon tar det til seg. Kanskje, om du ser dette, skriv eg litt ekstra til deg Torbjørn Røe Isaksen. Du trur at du gjer elevane ei teneste med den nye fråværsgrensa di, men eg kan fortelja deg ein ting; du veit ikkje kva du snakkar om.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE