«Naturhippiane vil heller at barn i Afrika skal utvinne mineral»
Atle Simonsen forklarar kvifor ikkje han aksjonerer mot gruveprosjektet ved Førdefjorden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Betre at barn i Afrika hentar ut mineral?
Først. Dette er eit prosjekt tilrådd av Miljødirektoratet.
Frp har vore positive til Engebøprosjektet i Førdefjorden. Sogn og Fjordane slit med å få ungdom til å etablera seg i fylket, fordi vi manglar arbeidsplassar. Engebøprosjektet betyr 300 nye industriarbeidsplassar i Sunnfjord, og 500 nasjonale arbeidsplassar. Med Frp i regjering er det gjeve konsesjon til uthenting og deponering av gruveavfall i fjorden (deponi på land hadde for store negative miljøkonsekvensar til at det er aktuelt). Konsesjonen har dei strengaste miljøkrava og overvakingskrava i verda.
Oppklaring av mytar:
Dumping av gift: Ingen av kjemikalia som vert nytta i anlegget er klassifisert som miljøgift. Og alle kjemikalia finst naturleg i fjorden.
Ingen andre land godtek jorddeponering: Det finst ingen land i verda som har totalforbod mot fjorddeponi. Men som i Noreg så vurderer ein kvart enkelt tiltak.
Gruvearbeidarane er utanlandsk arbeidskraft som skal bu i brakkeleirar: Dette er direkte feil, dette vert eit industrianlegg med lokal arbeidskraft. I tillegg kan nemnast at NHO med sine over 700 medlemsføretak i fylket er svært positive.
For å laga ein mobiltelefonen, er det trong for mineral frå over 20 gruver. Skal desse minerala utvinnast i Noreg, eller med barnearbeid i afrikanske land? Det må ungdomspolitikarane svara på.
AUF, GU, SU og UV meiner at ein skal driva ferjer og bilar på batteri. Til eit batteri er det trong for mineral frå over 10 ulike gruver. Det er pr idag ingen annan måte å utvinne denne gruva på, enn med sjødeponi. Men det er mogleg at ein finn betre måtar, eller måtar å bruka restavfallet på seinare. Men det finst ingen lønnsame måtar å gjera dette på og minerala treng vi no, om vi skal oppnå det «grøne skiftet» som dei snakkar så varmt om.
LES OGSÅ: Partileiarar: – Me sit her til politiet løftar oss vekk