– Mobbing er straffbart

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi får meldingar kvar veke frå ungdom som har opplevd å verte mobba på sosiale medium.

Politibetjent Pål Inge Olsen fortel at nettmobbing er eit aukande problem som dei har mykje fokus på i politiet.

– Vi kan ikkje bruke ressursar til å følgje opp alt, dessverre, men vi tek tak i dei mest alvorlege sakene. Det viktigaste folk kan gjere då er å sikre bevis, til dømes ved å ta skjermbilde av meldingane. Eit stort problem er sjølvsagt at mykje av nettmobbinga skjer via anonyme brukarar.

Det er likevel ikkje umogleg å finne fram til brukarane. Politiet kan i ulike tilfelle få spora opp brukarane, ved hjelp frå selskapa som står bak dei ulike appane. Politiet på Søre har fått hjelp til dette ved fleire høve.

– Mobbing er straffbart. Er folk under den kriminelle lågalder risikerer dei likevel at saka vert registrert, og dei vert kalla inn til samtale med politiet i samarbeid med barnevernet. Er dei over 15 kan saka hamne i konfliktrådet. Det har vi svært gode erfaringar med.

Olsen fortel at dei ser stadig yngre brukarar på sosiale medium, til trass for at mange opererer med aldersgrense.

– Oppmodinga må vere at vi som foreldre bryr seg om kva ungane gjer. Det må vere like naturleg å spørje kva dei har gjort på nettet i dag, som det er å spørje kva dei har gjort på skulen. Dei som vert utsett for mobbing må kjenne seg trygge på at dei kan snakke med foreldra om det, viss ikkje kan ting verte verre for dei. Foreldre må vere gode rollemodellar. Vi har plikt til å engasjere oss i ungane våre. Vi i politiet vil også gjerne at folk melder ifrå til oss, anten om dei har opplevd noko sjølv, eller om dei veit at nokon vert utsett for dette.

LES SAKA I MØRE-NYTT!