Asylsyklar på museum


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ein del av lokalhistoria, seier formidlar Gyrid Øyen ved Grenselandmuseet Kirkenes i Sør-Varanger til NRK Finnmark.
I fjor haust kryssa rundt 5.500 flyktningar og immigrantar den norsk-russiske grensa over Storskog på sykkel, fordi det ikkje er lov å ta seg over til fots.
LES OGSÅ: Ekspert trur asylstraumen er ein russisk provokasjon
Samfunnsoppdrag
Svært mange av syklane blei sende til gjenvinning, fordi dei var i dårleg stand. Dei fem syklane museet plukka ut, varierer frå den knapt brukbare til nokre nesten nye – med delar av emballasjen framleis på, skriv NRK.
No deler dei museumsplass med blant anna gruvehistorie, glimt frå det samiske Sør-Varanger, utstilling om byggjeskikk i Karelen og gjenstandar frå verdskrigen.
Førebels står dei fem syklane utan tekst, som eit symbol i seg sjølv.
– Det er fordi vi meiner situasjonen framleis er så uavklart, seier Øyen. At dei kom så raskt på plass, forklarer ho slik til NRK:
– Som ein del av samfunnsoppdraget til museet skal ein sikre og bevare dagsaktuelle hendingar. (©NPK)
LES OGSÅ: Fryktar over 65.000 asylsøkjarar årleg