I dag er mange opptekne av kva ein et og puttar inn i kroppen, men gløymer å tenkje på tekstilane vi kler oss i, og korleis dei påverkar oss, meiner økotekstil-gründar Helèna Nielsen Sætre (25).

Beate Mork/Møre-Nytt
Beate Mork/Møre-Nytt

Denne saka var først publisert i Møre-Nytt.

Stadig fleire ynskjer å handle tekstilar som er bra både for seg sjølv og miljøet, meiner Helèna Nielsen Sætre (25), drivar av Hjartesaum i Vikegata i Ørsta.

Etter at ho starta opp butikken og nettstaden med same namn for eit halvår sidan, har ho opplevd ei stadig aukande interesse frå kundar som ynskjer å kjøpe både produkt og stoff i metervis, aller helst økologisk. Sjølv om butikken i Vikegata er godt besøkt, går det definitivt flest meter unna på nettet! 

– Eg sel ein del stoff til Danmark. På nettet er det jamn trafikk, og mykje av arbeidsdagen går med til å distribuere det salet, pakke og kjapt få sendt av garde varer, forklarar Helèna. Overfor kundar i Ørsta og Volda tilbyr ho den ekstra sørvisen det er å få varene fritt levert på døra.

LES OGSÅ: Venninner sel for millionar med «showroom» og sosiale medier

Helèna får stadig inn nye metervarer i butikken, og har etter kvart eit breitt utval både i einsfarga og mønstra stoff i både bomull og ull. Ho har våga å la sin eigen smak råde, og har satsa på fargar og ein del retroinspirerte og småsøte trykk med blomster, fuglar, prikkar og striper. Noko som har slått an, og som gjer at ho no vel å utvide og satse på eit stadig større sortiment.

– Ut på våren flyttar eg inn i nytt lokale i bygget ved sidan av der eg er no. Der er meir veggplass, og eg kan få opp fleire hyller og endå meir metervare, forklarar Helèna. Ho er optimistisk i høve framtida, og det å vere drivar av ein sjølvstendig nisjebutikk innanfor eit felt og ei varegruppe som har lagt nede og så å seie vore total fråverande i årevis.  

Helèna er opphavleg frå Syltefjorden i Vanylven, og er no busett i Volda i lag med familien sin. Å drive butikk i Volda var imidlertid ikkje eit alternativ for den unge gründeren.

– Det måtte verte her i Vikegata i Ørsta. Her finn kundane fram til meg, og det er langt meir pågang her enn eg trur det hadde vore i Volda, meiner ho bestemt. 

– Eg har to born, og har sydd ein del til dei. Men sjølve «grunnutdanninga» mi i forhold til nål og tråd, det å bruke hendene og vere nøyaktig må eg takke barneforeininga heime i Syltefjorden for! Smiler Helèna.

– Der lærte eg mykje, mellom anna brodering. Det elskar eg framleis å halde på med, når og om eg får tid.

– Kundegruppa mi er hovudsakleg kvinner, i grunnen i alle aldrar. Mange syr til eigne born, eller barneborn, men stadig fleire også til seg sjølve, fortel ho. 

Kundane er ofte interesserte i å få vite meir om kva det tyder at et eit stoff er økologisk. I tillegg får dei med seg tips og råd om mønster, og ikkje minst idéutveksling om kva som kan saumast. Ho har òg planar om å få tid til å halde nokre kurs, og delta på ulike arrangement. Denne veka er ho invitert til Svendsengarden, der ho skal presentere seg sjølv og konseptet sitt. Elles held ho tett kontakt med kundane sine på sosiale medium og eigen nettstad.

– Kvifor bør vi som forbrukarar velje økologiske tekstilar?

– Rett og slett for å unngå giftstoff direkte på kroppen! Noko som er spesielt viktig overfor småborn, men som vaksne bør vi òg velje vekk tekstilar fulle med farlege stoff. Det kan faktisk vere hormonforstyrrande, forklarar Helèna engasjert.

– I dag er mange opptekne av kva ein et og puttar inn i kroppen, men gløymer å tenkje på tekstilane vi kler oss i, og korleis dei påverkar oss. No er utvalet av økotekstil, såkalla trygge tekstilar, betre enn nokon gong. Sett i eit miljøperspektiv, er det å velje økologisk framstilte tekstilar òg fornuftig.

– Det finst dessverre enno ikkje norske leverandørar som satsar på økologiske tekstilar i metervare, seier ho.

LES OGSÅ: Gründer frå sofakroken

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE