Venninner sel for millionar med «showroom» og sosiale medier

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Venninner sel for millionar

Saka var først publisert i Nordhordland. 

Det er ein auke på heile 2,6 millionar frå 2014, ifølge offentlege regnskap. Dei to studerer detaljhandel på heiltid ved BI, er småbarnsforeldre, og driv nettbutikk på si.

– Vi har heilt sidan vi var små drøymt om å starta noko saman, og planen var å venta til vi var ferdige med utdanninga, og så satsa. Men så tenkte vi; kvifor venta?

Dei to venninnene hoppa i det, og har i dag sin eigen interiør og møbel-kolleksjon. Møblane får dei produsert i Kina, og dei vert levert med «Drømmehjem» sin logo.

– Vi er veldig stolte over å ha vår eigen møbelkolleksjon. Stilen er klassisk, og vi sel møblar av god kvalitet, seier Jeanette.

LES OGSÅ: Gründer frå sofakroken 

Stor på Instagram
Drømmehjem har i dag kundar frå heile landet. Dei marknadsførar seg berre på Facebook og på Instagram, og har i skrivande stund 65.300 følgjarar på Instagram.

I dei gamle lokala til Vinmonopolet i Knarvik leiger dei to 350 kvadratmeter. Her har Jeanette og Ariel utstilling òg lager.

«Showroomet» består av eit stort møblert rom, der ein kan sjå møblane i styla lokale. I starten hadde dei ope utstillingsrommet to dagar i veka, men det blei vel hektisk med skule og familie.

– Vi fann ut at det var greiare å samla kundane på større arrangement, så no arrangerer vi «event» på Facebook to gonger i månaden. Då kjem det gjerne folk frå heile landet for å sjå på produkta våre, fortel Jeanette.

Drømmehjem har også kundar i Danmark og Sverige.

LES OGSÅ: Vil ha offentleg gründer-fond 

Sin eigen arbeidsplass
Konseptet med «showroom» er ikkje så stort i Norge enno, men noko dei lenge har drive med i England og USA. To gonger i året dreg dei to gründerane frå Meland til Paris for å henta inspirasjon.

– Stilen vår er klassisk. I tillegg til møblane som vert produsert i Kina, får vi produsert eigne lysfat og anna i India, fortel Jeanette.

Dei to har bestemt seg for å ikkje ta ut løn medan dei utdannar seg, men investera pengane i firmaet.

– Planen er at når vi er ferdige med utdanninga skal vi driva Drømmehjem på heiltid, og at vår eigen arbeidsplass er det som ventar oss, seier Jeanette.