Studentar: – UiB vanskeleggjer utveksling
UiB satsar stort på å få fleire studentar ut på utveksling — men for nokon studentar er det nesten umogleg. Om Martha (22) drar ut, må ho framleis tilbake til Bergen å ta eksamen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er rett og slett vanskelig å dra ut.
Det seier Marius Johan Haaland, geologistudent på Det matematisk-naturvitskapelege fakultet (MatNat) ved Universitetet i Bergen (UiB).
– Fakultetet legg for dårleg til rette for oss som ønsker å dra på utveksling, spesielt for oss som ønsker å dra utanfor Europa. Det er også lite informasjon om når og kor vi kan dra, seier han frustrert.
I januar blei det arrangert internasjonal dag på fakulteta på UiB i håp om å motivere fleire studentar til å søke utveksling. UiB vedtok nyleg ny strategiplan med mål om at minst 40 prosent av studentmassen skal reise på utveksling innan 2020.
Men sjølv om ambisjonane er store, er forskjellane frå fakultet til fakultet enorme. For medan 55 prosent av jusstudentane dreg på utveksling, søker under 20 prosent av studentane på MatNat og Det medisinsk-odotologiske fakultet (MOF) seg ut.
LES OGSÅ: Studentar følar dei blir "avbefalt" utveksling
Må dra tilbake for eksamen
– Under den internasjonale dagen var det ikkje ein einaste stand for oss på tannlegestudiet, seier Martha Gilje Hindal, som studerer odontologi på neste siste året.
Ho kjenner berre til eit par medstudentar som har vore på utveksling, og har sjølv svært lyst å dra.
– I det siste har eg gira meg sjølv meir og meir ned. Sjansen for å dra er utruleg liten, og det er meir arbeid enn moro, fortel Gilje Hindal.
For med ein haug med kliniske og obligatoriske fag, er lista med utvekslingsuniversitet svært kort — og ustabil. I tillegg må tannlegestudentane dra tilbake til Bergen å ta eksamen når semesteret nærmar seg slutten.
– Det skal vere mogleg, men studievegleiarar og lærarar har lite erfaring med utveksling, og har ofte problem med å svare på spørsmåla våre. Derfor er det få tannlegestudentar som tør å ta sjansen på utveksling, og dermed kanskje ikkje få opphaldet godkjent, forklarar Gilje Hindal.
Tannlegestudent Gilje Hindal og geologistudent Haaland er einige i at utveksling kunne løfta utdanninga deira, men møter begge veggen av motvilje i UiB-systemet.
– Det er ikkje sjølvsagt å få reise på utveksling, sjølv ikkje innan geologi, når det er vanskeleg å tilfredsstille dei obligatoriske faga, seier Haaland.
Han er ein av dei som verkeleg vil dra, og har lagt ned mykje tid på å finne fram i labyrinten av informasjon på UiB sine heimesider.
– Det er håplaust tungvindt å finne ut av alt sjølv. Eigentleg ville eg dra eit heilt år, men fekk beskjed om at det ikkje let seg gjere, seier han, og fortel om nylege endringar i studieplan som gjer det endå vanskelegare.
– Akkurat no veit eg ikkje eingong om eg tør håpe på å dra, supplerar Gilje Hindal.
– Tannlegestudiet i Bergen er eit godt studie, og med utveksling «gamblar» ein litt med framtida, om ein skulle vere uheldig å ikkje få dei kliniske faga godkjent. Om eg er villig til å ta den sjansen, er eg ikkje sikker på, seier ho.
LES OGSÅ: Sender elevar ut i Europa
Lovar betring
Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, forstår at studentar på enkelte fakultet finn systemet frustrerande og tungvindt, men informerer om at dekanane på fakulteta arbeidar fortløpande med tilrettelegging.
– UiB har ikkje råd til å ikkje satse på utveksling blant våre studentar. Dei som reiser ut, er kjempegode representantar for instituttet, men viser også ein framtidig arbeidsgivar at dei er målretta og sjølvstendige, seier Olsen.
Han er krystallklar på at det ambisiøse målet om at 40 prosent skal dra ut innan 2020 er eit heilt naudsynt mål, men påpeikar at fakulteta framleis har ein veg å gå med å legge til rette for utveksling.
– Det vil vere heilt andre krav og forventningar til internasjonalisering i framtida, så her må universitetet bli flinkare å legge til rette for alle. Vi vil alltid klare å få dei mest entusiastiske studentane til å dra, no står det att å få med dei som sit på gjerdet, seier Olsen.
Vil universitet klare målet om 40 prosent av studentane dreg ut?
– Ja, det er eg heilt sikker på at vi klarar.
LES OGSÅ: Internasjonale studentar får ikkje kontakt
ANSA: – Skuffande
President Aure er overraska over at ambisiøse UiB ikkje har eit betre opplegg for studentane sine, og er skuffa over tala fra MatNat og MOF.
ANSA (The Association og Norwegian Students Abroad), organisasjonen for norske studentar i utlandet, jobbar mykje for at universitet og høgskular skal legge til rette for utveksling.
– Dette er skuffande og vitnar om dårleg fagleg tilrettelegging frå fakulteta. Spesielt synd sidan UiB eigentleg har utmerka seg godt på dette feltet, seier president i Ansa, Jakob Bergvik Aure, når han ser tala frå MatNat og MOF.
Han påpeikar også at dei låge tala er oppsiktsvekkjande då rektor Dag Rune Olsen, tidlegare dekan ved MatNat, har vore offensiv på utveksling.
– Dessverre er det ikkje uvanleg at fakultet er i overkant firkanta på godkjenning av fag. Matematikk og naturvitskap er internasjonale fagfelt der studentane har stort utbytte av å reise ut. Likevel er mange norske gradar sære i internasjonal samanheng, og mange fakultet operera med lite naudsynte spesifikke krav og fraksjoner. Dette gjer at studentane i praksis ikkje klarar å finne pensum i utlandet, seier Bergvik Aure.