Bystyret i Bergen har vedteke å styrkje arbeidet med å sikre rettane til elevar med nynorsk som hovudmål.

Kjartan Helleve, Norsk Tidend
Kjartan Helleve, Norsk Tidend

Det er 597 elevar i Bergen med nynorsk som hovudmål. 122 av desse går i ungdomsskulen. Tidlegare har ikkje Bergen kommune brydd seg særskilt om problema desse elevane møter i kvardagen. Men til det fyrste bystyremøtet i år hadde Øystein Hassel (A) og Reidar Staalesen (A) levert ein interpellasjon om sikring av rettane til nynorskelevane på ungdomstrinnet.

 Framlegget tok utgangspunkt i at opplæringslova ikkje sikrar nynorskelevar undervisning på nynorsk, og at dette er noko dei som sit med ansvaret for opplæringa, må syte for. Vidare tek framlegget også tak i at dei rettane som faktisk finst, t.d. å få lærebøker på nynorsk, blir brotne. Hassel og Staalesen ville difor ha med seg bystyret på dette vedtaket:

"Ungdomsskulane i Bergen som tek imot nynorskelevar bør derfor:

1. På førehand ha kartlagt kva elevar som skal ha nynorsk på skulen.

2. Nynorskelevane skal få utdelt lærebøker på nynorsk og skal sleppe å be særskilt om å få det.

3. Nynorskelevane skal få alle prøver og testar på nynorsk og skal sleppe å be særskilt om å få det.

4. Nynorskelevane skal så langt det er råd få alt skriftleg materiell på nynorsk.

5. Nynorskelevane bør så langt det er råd få gå i same klasse slik at dei slepp å vere dei einaste nynorskelevane – å vere åleine eller få gjer dei endå meir utsette. Å samle nynorskelevane gjer det òg lettare å få til best mogleg undervising for dei. På skular med ein stor del nynorskelevar bør desse om det er råd få gå i ein eigen klasse."

Byråden samd

– Me meiner at ungdomsskular som tek i mot nynorskelevar, skal vere førebudde på dette, sa Hassel frå talarstolen då han la fram interpellasjonen.

– Skulane bør strekkje seg langt for å late nynorskelevar gå i same klasse. Lærebøkene skal vere klare frå skulestart, og me ser helst at prøvar og anna skrifteleg materiell blir gjeve ut på nynorsk til desse elevane. Dette er ei prinsipielt viktig sak, der me som det øvste organet i kommunen kan sende eit signal til skulane om at dei skal leggje til rette for språkleg mangfald og syte for at bokmåls- og nynorskelevane blir handsama likt, sa Hassel.

– Eg deler engasjementet og intensjonane i framlegget, sa Roger Valhammer (AP), vikarierande byråd for barnehage, skole og idrett.

– Men eg ynskjer ikkje å påleggje skulane å lage prøvar og annan skriftleg informasjon på nynorsk, då det vil vere altfor arbeidskrevjande for den enkelte lærar. Men me kan sjølvsagt oppmode dei om å gjere det. Like eins er eg i utgangspunktet samd i at nynorskelevar bør gå i den same klassen, men eg trur det blir feil å gjere det til den einaste regelen. Det kan vere andre grunnar til å late dei gå i ulike klassar, t.d. sosiale eller pedagogiske grunnar, sa Valhammer.

Ordskiftet som følgde, gjorde det tydeleg at framlegget ville få fleirtal, då dei eine partiet etter andre gjekk på talarstolen for å seie kor viktig dette arbeidet var. Dei einaste som flagga motstand, var FrP. Raudt ville ha inn ein merknad om at det var viktig å ta vare på dei små nynorskskulane, som Riple og Haugland. Dei er no truga av nedlegging.

Ville gå lenger

Laila Melkevoll (Sp) ville gå lenger. Ho meinte at framlegget var godt, men ville at kommunen også burde sjå nærare på korleis han kunne stø opp om arbeidet med å skipe til nynorskklassar alt frå 1. trinn.

– Skular i Bergen motarbeider retten til å lage eigne nynorskklassar, og slik kan me ikkje ha det i nynorskens hovudstad, sa Melkevoll.

– Bergen Kommune må tydeleg kunngjere retten til og vilkåra for å lage nynorskklassar for borna som startar i fyrste klasse, og leggje til rette for det ved å søkje å samle foreldre som ynskjer nynorsk for sine ungar. Eg veit om foreldre som kjenner seg motarbeidde i forsøka på å lage slike klassar, sa Melkevoll og ville ha eit vedtak om dette.  

Men byråden såg ikkje nokon grunn til at det skulle handsamast no. Han lova likevel å sjå dette i samanheng og å fylgje opp denne tanken.

Framlegget vart vedteke mot røystene til Frp.

Andreas Madsen Berg (SV) vikarierer i bystyret for Oddny Miljeteig. Og han tak varaoppgåvene sine seriøst. Til slutt i innlegget oppmoda han nemleg alle i salen om å melde seg inn i Mållaget.

– På den måten kan me styrkje arbeidet for nynorsk, sa Berg.  

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE