Kraftig fall i søkjarar til populær oljelinje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kraftig fall i søkjarar til oljefag

– Dette har vore ei av dei mest populære linjene i Rogaland og i heile Noreg, men dette året merkar vi ein markant nedgang i talet på søkjarar, seier avdelingsleiar Tore Gudmestad ved skulen til TV 2.

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå yrkesfag

Gudmestad omtalar nedgangen som dramatisk og merkar at nedgangstidene i oljeindustrien og veksande arbeidsløyse påverkar vala til ungdommane.

– Dei blir veldig usikre. Vi opplever urolege foreldre som ringjer og spør om dei elevane som allereie går på brønnteknikk, får lærlingplass. Og det er nok foreldra som har ein sterk innverknad på vala til elevane, seier han.

Elevane ved skulen fortel om vanskar med å få læreplassar.

– Sjølvsagt er det ikkje kjekt at oljeprisen fell så mykje som han gjer og at dei strammar inn i fleire bedrifter. Men, vi held motet oppe – det er vel det einaste vi kan gjere, seier 17 år gamle Erlend Bersagel, som går andre året på skulen.

Søknadsfristen for vidaregåande skule går ut 1. mars, noko som betyr at det framleis kan kome fleire søkjarar til.