Flatormen er bindeleddet mellom maneter og menneske. Det slår evolusjonsbiologar fast i ein artikkel i det anerkjente tidsskriftet Nature.

Kim E. Andreassen/UiB
Kim E. Andreassen/UiB

Denne saka var først publisert hjå UiB.

Flatormar (acoel) som lev blant sand og gjørme i sjøen, kan ved første augekast verke små og ubetydelege. Men desse fargerike mikromakkane syner seg å vere svært viktige for å forstå utviklingssteget mellom manetar og menneske.

– Acoel er ein nøkkelart for å forstå når bilateral symmetri oppstod, altså kva tid dyr fekk symmetrisk høgre og venstre side. Dette er eigenskapar som vi finn hos meir komplekse skapningar, som floger, kattar og menneske, seier evolusjonsbiolog Andreas Hejnol, ved Sars-senteret, UiB. 

Biologen og kollegaane hans ved Sars-senteret har nyleg slått fast flatormens nøkkelposisjon ein gong for alle, etter gjentekne undersøkingar med det siste innan DNA-analyse. Funnet er nyleg publisert i det vitskaplege tidsskriftet Nature.

Ein gang i tida kravla vi rundt i sjøen
Flatormar har tre kroppslag, og symmetrisk høgre- og venstreside, til liks med komplekse dyr vi finn på jorda i dag. Likevel har den kun eitt hol til eting og avføring, som enklare førhistoriske dyr som anemonar og manetar. 

Denne blandinga av eldre og yngre utviklingstrekk tyder på at flatormar står i ein mellomfase mellom maneter og meir komplekse virveldyr som floger, kattar og menneske.  Det er eit teikn på at den har same stamfar som mennesket, ifølge Hejnol.

– Desse trekka tyder at også vi kravla rundt blant sandkorn i sjøen for 560 millioner år sidan, seier Hejnol med et smil.

LES OGSÅ: Bli med inn i eit levande laboratorium!

Rista evolusjonstreet
Ein gong i tida då vår felles forfar utvikla seg, delte den seg etter kvart i to greiner. Den eine greina er dagens flatormar og den andre er andre dyr, som mennesket.

Dette var i alle fall den gjengse teorien frå 1990-talet og fram til 2011, då eit internasjonalt forskarteam konkluderte med at flatorm og menneske ikkje har same stamfar. Det gjorde dei ved hjelp av RNA-analyse og alternative måtar å utføre testane på.

Som følgje av dette, mista flatormen posisjonen som nøkkeldyr i evolusjonshistoria for ei stund. I staden vart den redusert til ein mindre vellukka skapning sett frå eit utviklingsperspektiv, på same grein som oss menneske. Den nye stamfaren må ha vore ein mykje yngre og meir kompleks skapning enn den opprinnelege, var konklusjonen.

Funnet førde til mykje vitskaplig tvil, blant anna frå Hejnol. Han meiner at den alternative utviklingsrekkefølgja er eit resultat av at forskarne utelot viktige data i sine analyser. Dersom dei andre forskarane hadde rett, måtte børstemakken ha utvikla seg fra ein stamfar med eit sentralnervesystem, tarmsystem, munn og anus.

– Om desse forskarane hadde rett, hadde vi mista ei svært informativ dyregruppe, som hjelper oss med å forstå utviklinga av organ, sier Hejnol.

Men det er ikkje lenger tilfelle, ifølgje Andreas Hejnol. Han meiner at han har tilbakeført flatormen til si opprinnelege plassering på evolusjonstreet, ein gang for alle.

Denne saka er produsert av UiB, og er omsett til nynorsk av Framtida.no.

LES OGSÅ: Sanninga om anabole steriod

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE