Møt ein politimann

Framtida
Publisert
Oppdatert 27.09.2017 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Tor-Arnt Roko
Alder: 54 år
Yrke: Politi
Arbeidsplass: Oslo Politidistrikt, Spesialseksjonen, Ryttarkorpset, Oslo

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har ein far og ein eldre bror som er politi, og kjende difor godt til yrket frå eg var ung. Då eg i 20-årane skulle finne ut av kva eg ville bli, fann eg ut av at politi-yrke var noko for meg. Eg vart trekt mot å kunne hjelpe folk og bidra til ro, orden og tryggleik i samfunnet. Yrkt inneheld i tillegg eit element av spenning.

Kva for arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

– Hovudoppgåva mi er ordensteneste til hest. Yrkeskvardagen går òg ut på andre ting, men for delen min er alt hesterelatert. Eg rir patrulje og ser om alt er roleg i byen. Skjer det noko, tek vi hand om det. Vi deltek i paradar, driv ettersøk i terreng og utfører trafikktenester. I tillegg driv vi førebyggjande arbeid, der vi tek imot skular eller barnehagar, og fortel dei om politiarbeid.

Kva for ei utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt for å bli politi?

– Man må kome inn på Politihøgskolen. Det er ein treårig, høgare utdanning. Erfaringsvis har det vore veldig høg søkjardeltaking ved høgskulen, i alle fall dei siste åra. For å kome inn, er det berre å satse på skulen i forkant. Det blir kravd studiekompetanse frå vidaregåande skule, eller tilsvarande studiekompetanse for å kome inn. I tillegg må ein ha god fysikk og god psyke for å bestå opptaksprøva. Mange skaffar seg òg tillegg til utdanninga, som befalskulen frå forsvaret. Dette kan telle positivt med.

Kva er det beste med yrket ditt?

– Det bestet er å kunne jobbe med dyr og at det er eit godt miljø på arbeidsplassen. Dei politifaglige utfordringane vi møter gjer at vi lærer mykje og utviklar oss kvar dag. Elles er det ein god ting at ein sjølv har fridom til å velje korleis ein vil organisere arbeidsdagen. Vi er ikkje styrt av nokre andre ramar enn det som gjeld de politifaglige.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Det er ikkje noko spesielt eg mislikar med yrket. Kanskje løna kunne vere endå betre, sjølv om vi har fått ei løysing på lønnskampen som har pågått i den siste tida

Kva for andre arbeidsområde finst innanfor yrket ditt?

– Det er veldig mange høve. Sjølv enda eg opp med å drive med hest, men det er ingen grenser for kva for områr du kan gje deg inn på: Etterforsking, bil, båt, motorsykkel, helikopter, vanleg patruljering, beredskapstroppen, livvaktteneste, sykkelpatruljer eller bli politijurist.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Ei normal politiløn, til dømes med turnustillegg, er på rundt 350.000

Korleis ser du på sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– I storbyane, er sjansane veldig gode. Her i Oslo, til dømes, er det ei vis rullering av politiet. Etter ferdig utdanning, har studentar lett for å hamne i studiebyen først, fordi det kanskje ikkje er så lett å få jobb i heimbyen med éin gong. Mange jobbar difor litt i dei store byane, før dei trekkane seg utover, og difor blir det eit gjennomtrekk. Politisk sett er politiet i tillegg eit satsingsområde som skal rustast opp, såg eg ansar sjansane for å få jobb som gode.