Dei Kristne vil ikkje ha mobbe-mekling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

Partiet Dei Kristne ønskjer nulltoleranse mot mobbing i Bømloskulen og dei ønskjer at det blir handla raskt.

LES OGSÅ: «Mobbing er straffbart»

Ser at mobbing øydelegg liv
På eit møte tysdag stilte Dei Kristne-politikar Heidi Nimoson spørsmål om dette.

– Me ser at mobbing øydelegg skulegang, liv, ja til og med tar liv. Difor lurer me på om det finst ein tidsplan for handsaming av mobbing i Bømloskulen. Dersom dette ikkje finst, må det etablerast snarast. Men dersom det finst så vil me forsikra oss om at denne planen inneheld konkret tidsplan for handsaming av mobbesaker, las Heidi Nimoson opp frå eit brev som partiet har sendt utvalet.

– Må handla raskt
Nimoson meinte det er viktig at tidsramma er stram når ein skal overvinna mobbing.

– Me ser føre oss at frå skulen har fått ei melding om mobbing til første kontakt med heimen til mobbeofferet, skal det ikkje gå meir enn ein dag. Innan tre dagar skal det setjast i verk tiltak der mobbaren og foreldra må konfronterast og det må setjast i verk ein forpliktande avtale for mobbaren. Denne avtalen skal innehalda krav om total stopp av mobbing i og utanfor skulen.

LES OGSÅ: «Mobbaren får det vanskelegast»

– Ei veke seinare skal ordninga følgjast opp med samtaler med mobbeoffer og foreldra for å høyra om mobbinga har stoppa eller ikkje. Dersom mobbinga ikkje stoppar, må neste tiltak vera å flytta mobbaren til ein annan skule. Me vil ikkje gå inn for mekling mellom mobbar og offer. Mobbaren må ganske enkelt godta at mobbinga skal stoppa. Dersom skulen treng hjelp i saka, skal det vera ressursar tilgjengeleg som kan koma inn og overta gjennomføringa av mobbestopp utan at dette forpurrar tidsskjema i saka, las Nimoson frå brevet til utvalet.

Brevet vart levert til kommuneadministrasjonen.

LES OGSÅ: – Å mobba liknar på å bruka narko