Dette huset er ein våt draum for forskarar.

Her, ved NTNU i Trondheim, ligg det levande laboratoriumet. Ikkje berre er dette framtidas bygning, fri for utslepp og med eigenprodusert energi. Huset er også eit laboratorium der forskarar studerer korleis menneske brukar den nye teknologien.

Menneske og teknologi
«ZEB Living Lab» er eit prosjekt i regi av forskingssenteret Zero Emissions Buildings (ZEB) ved NTNU og SINTEF. Laben er eit ekte hus, der personar i ulike livssituasjonar bur i ein periode kvar. Bebuarane skal bruke huset som sin eigen heim, og utforske dei innovative teknologiske løysingane i huset, frå den intelligente kontrollen over installasjonar og utstyr, til det usedvanlege ventilasjonsanlegget.

LES OGSÅ: No blir frisøren grøn

Heile vegen sit forskarar ved NTNU og SINTEF og loggar bruken. Ein av desse er sosiologen Marius Støylen Korsnes.

 Vi undersøker korleis nullutsleppsteknologien fungerer, korleis folk brukar teknologien, og korleis dei som bur der tilpassar huset til seg sjølv. Bygget er eit eksperiment i seg sjølv, og målet er å finne korleis det er å bu i eit slikt hus, forklarar han.

Nullutslepp i laupet av 60 år
At laben er eit nullutsleppshus, vil seie at huset produserer eigen energi frå solcellepanel på taket, varme frå solfangarar og frå varmepumpe, slik at det innan 60 år har jamna ut CO2-utslepp frå bygginga, materialet og heile levetida til huset.

Ein av dei største skilnadane frå eit vanleg hus, er at huset er så bra isolert at det nærast ikkje treng oppvarming.

I tillegg til solceller, solfangarar, varmepumpe som hentar varme frå jorda, og eit ventilasjonsanlegg som skal gjere lufta leveleg i det svært godt isolerte huset, har huset ei rekkje andre teknologiar frå ulike leverandørar.

Saka held fram under biletet.

Bilete syner det tekniske rommet til huset. Varmtvasstanken er todelt, med ein del som  nyttar vatn som er oppvarma av varmepumpa eller solfangarane til oppvarming av huset, og ein del med høgare temperatur til bruk i dusj/vask som varmast opp av varmepumpa. Den kvite boksen oppe på veggen til venstre er eit ventilasjonsaggregat med varmegjenvinnar, som gir frisk luft til bygget og gjenvinner mykje av varmen i ventilasjonslufta. Den kvite boksa nede til venstre er varmepumpa. Denne varmar opp huset med vatn som vert varma opp gjennom varmeveksling frå et 100 m langt rør som er gravd ned i hagen utanfor huset. Foto: Anne J. Bruland.

 Ventilasjonsanlegget gjer at huset får ei anna lufttilføring enn typiske norske hus. Det er spanande korleis folk lever med det. Om dei til dømes har vindauget ope heile natta fordi dei tykkjer lufta er tung, vil det påverke kor mykje oppvarming som trengs og gjere at vi må justere våre utrekningar, seier Støylen Korsnes.

Ulike folk, ulik bruk
Frå starten i haust til avslutninga i vår, skal seks ulike grupper bu i huset i éin månad kvar. Blant desse er blant andre to grupper med studentar, to grupper med eldre folk over 60 år og to familiar med to born kvar.

Saka held fram under artikkelen.

Familien Berker var dei første som budde i huset. Professor Thomas Berker (ikkje på biletet) er ein av forskarane bak «ZEB Living Lab». Foto: Anne J. Bruland.

 Skal vi ha fleire slike bygg i framtida, må vi først vite korleis teknologien kan nyttast i Noreg. Ved å forske på korleis folk brukar huset, kan vi sjå om eksempelvis anslaga for energibruk er realistiske i høve til faktisk bruk. Vi kan også sjå om folk eller huset oppfører seg annleis enn venta og så vidare, fortel sosiologen.

Unngår «Salmer frå kjøkkenet»
Støylen Korsnes innrømmer at huset er ein våt draum for ein sosiolog.

 Ja, det er utruleg spanande og veldig kult å vere med på. Men vi prøver å unngå tilnærminga frå «Salmer frå kjøkkenet», då, seier han, og siktar til den norske filmen der ein vitskapsmann skal observere ein ungkars vaner på kjøkkenet.

Filmen handlar om svenske observatørar som kjem til Noreg for å undersøke norske menns kjøkkenbruk, med mål om å effektivisere mennenes kjøkkenrutinar.

Målet med det levande laboratoriet i Trondheim er også å effektivisere, men dei held seg unna den typen forsking som «Salmar frå kjøkkenet» harselerer med.

LES OGSÅ: Ingen klima-Trump

Det er likevel ingen tvil om at forskarane følgjer nøye med.

 Bebuarane skriv dagbok og filmar seg sjølv. Vi har ein antropolog som er innom innimellom. I tillegg registrerer huset veldig mykje data i seg sjølv, om til dømes CO2-nivå, temperatur og luftfuktigheit, fortel Støylen Korsnes.

Stort potensiale
Nullutsleppshuset i Trondheim er ikkje berre snacks for forskarane. Teknologien dei forskar på har potensiale til å gi store utsleppskutt i framtida.

Ifølgje Støylen Korsnes er byggjesektoren ein av dei svært energikrevjande sektor på verdsbasis, der bygningar står for ein tredjedel av all energibruk.

 EU har satt seg ambisiøse mål for å redusere utslepp frå byggebransjen og vil kutte med 90 prosent innan år 2050.  For å klare det, treng vi løysingar som brukar langt mindre energi.

Saka held fram under biletet.

Kjøkkenet har innebygde møblar. Over kjøkkenet er det eit vindauge som kan opnast og lukkast ved hjelp av ein fjernkontroll.

I Noreg står drift av bygg for 40 prosent av all energibruk. Ettersom veldig mykje av straumen kjem frå fornybar energi, er det ikkje nødvendigvis det største problemet i Noreg.

 Men overskotsenergi som vi sparar på å energieffektivisere, kan vi nytte til andre formål eller eksportere til andre land, seier sosiologen.

Saka held fram under biletet.

Her er stove nummer 2. I golvet er det røyr som sirkulerer varmt vatn for romoppvarming. Hovudarkitet for bygget er førsteamanuensis ved Fakultet for arkitektur og billedkunst, NTNU, Luca Finocchiaro.

LES OGSÅ: Klima vrir venstrepolitikarar til høgre

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE