«Aldri aktuelt å studera i Norge»


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.
Anna Margrete Leirvik kjem frå Dåfjorden i Fitjar og studerer til dagleg ved University of Wales i Swansea. Faget hennar er personalleiing, eller human resources (HR) som det no også vert kalla i Norge.
Ho er særleg oppteken av korleis tilsette opplever nedgangstider, permitteringar, nedskjeringar og oppseiingar i næringslivet. I arbeidet med bachelor-oppgåva si intervjuar ho tilsette i Wärtsilä om dette.
LES OGSÅ: Tredobling av utvekslingselevar frå Noreg
– Eg synest denne kombinasjonen av psykologi og praksis som eg får gjennom dette faget er spennande, og eg er glad i folk og arbeida med folk, seier ho om yrkesvalet sitt då me får nokre ord med henne etter at konsernsjef Magne Heimvik i SKL har overrekt henne stipendsjekken på 25.000 kroner.
Overrekkinga skjedde under opninga av utdanningsmessa på Vikahaugane på Stord.
Ho har søkt om studieplass ved universitetet i Slagelse i Danmark frå hausten av, og skal etter planen ta mastergrad i personalleiing der. Utdanningsstipendet kjem difor vel med.
– Då eg gjekk på vidaregåande var eg i eitt år utvekslingselev i Cardiff i Wales, og var på ei liknande utdanningsmesse der. Etter det var det aldri aktuelt å studera i Norge, eg ville tilbake til Wales, seier ho.