Slaktar norsk pengebruk på utdanning

OECD meiner Norge får for lite igjen for investering i høgare utdanning, og vil ha studentane til å fullføre graden fortare. – Tiltaka vil hindre lik rett til utdanning, seier provosert NSO-leiar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne artikkelen blei først publisert i Studvest.

OECD (Organisation for Economic Co-operation and Development) leverer årleg rapport om effektiviteten av norsk offentleg pengebruk, og i år var konklusjonen klar:

Staten får for lite avkastning etter store investeringar på studentar og høgare utdanning.

Les også: En av seks studenter får stipendkutt

Rapporten seier blant anna at norske utdanningsinstitusjonar scorar for lavt på internasjonale rangeringar, og at norske studentar er for lite effektive. Det blir óg påpeika at berre 65 prosent av studentane fullfører utdanninga på normert tid, og at studentane ikkje vel studier som Norge har brukt for i framtida.

– Svært mange studentar går utover normert tid, og mange startar på utdanningar som dei ikkje fullfører. Dette kostar sjølvsagt mykje pengar for samfunnet, seier Astrid Oline Ervik, forsker på SNF (Samfunn- og næringslivsforskning) på Norges Handelshøyskole (NHH).

– Studentar som vel feil, tek opp ressursar på studiet, i tillegg til å bruke tid dei heller kunne brukt på aktiviteter som hadde gitt større verdi for samfunnet, forklarar Ervik.

Ervik understreker at studentar som raskt finn ut at dei har valt feil og skifter ikkje er eit så stort tap for samfunnet, og at norske studentar stort sett er flinke til å velje fagfelt som samsvarar til det dei er gode på.

Les også: 2200 studenter forsøkte å svindle Lånekassen

 – OECD har feil løysingar

Blant verktøya OECD anbefaler er det ein del økonomiske insentiv retta mot studentar, slik at dei skal fullføre utdanninga raskare og eller velje riktig utdanning. Dette reagerer leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Therese Eia Lerøen, sterkt på.

– OECD legg til grunn at det finst «riktige» utdanningar som studentar burde velje. Dette meiner vi er heilt feil, då det er ikkje er mogleg å spå kva kompetanse vi treng i framtida, seier Eia Lerøen.

NSO likar dårleg tiltaka OECD presenterer for å effektivisere høgare utdanning, og meiner blant anna at kutt i studiestøtta vil hindre alle lik rett til utdanning.

– Tiltaka som blant anna skal leie studentar inn på enkelte utdanningar, er ikkje tiltak vi har bruk for i vår norske verktøykasse. Vi må heller sjå på korleis kvaliteten på utdanninga kan bli betre og korleis studentar kan få brukt meir tid på studiane, seier Eia Lerøen.

NSO: – Undergraver faglig frihet

Ikkje framtidsretta nok

I OECD-rapporten kjem det og fram at Norge vil ha ei utfordring i framtida med å dekke behovet i dei såkalla STEM-faga (Science, Technology, Engineering and Mathematics). NHH-forskar Ervik meiner det er viktig å vere tilpasningsdyktig i dagens arbeidsmarked.

– Det kan vere riktig at Norge vil mangle denne typen arbeidskraft, men dette er vanskelig å svare bastant på. Mi meining er at vi bør satse på kjernefag som gjer at kandidatane er egna for å vere fleksible og kunne tileigne seg ny kunnskap etter korleis samfunnet utviklar seg, seier Ervik.

På spørsmål om kva utdanningsinstitusjonane kan gjere for å blir betre og meir framtidsretta, svarer NHH-forskeren at institusjonane må bli flinkare å halde fokus på dei fagfelta dei er best på.

– Institusjonane må forbetre kvaliteten og ikkje tilby altfor mange små studium. Det er og viktig at samfunnet ser på kva framtidig forventa nettoavkastning slike investeringer som utdanning gir, avsluttar Ervik.

Denne bør du få med deg: Unge lovende doper seg

Les mer: Livsfarlige nestenulykker på Kronstad bekymrer bybanesjåfører.

Faktaboks

OECD om norsk økonomi

  • I rapporten peikar OECD på behovet for å styrke konkurranseevna og fremje produktivitetsveksten i norsk økonomi.
  • OECD understrekar og viktigheita av at offentlege midlar brukast effektivt.
  • Rapporten såg spesielt på høgare utdanning, og påpeika betydninga av kunnskap og innovasjon for å gjere omstillingane Norge står ovanfor, litt lettare.
  • Kjelde: OECD