Kvifor taklar nordlendingar vinteren så godt?
Ein amerikansk forskar meiner det positive tankesettet til tromsøværingane er avgjerande for at dei taklar den lange vinteren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskar på psyken i nord
– Eg trur mange faktorar spelar inn, men i forskinga mi fann eg at tenkjesettet til tromsøværingane spelar ei vesentleg rolle for korleis dei klarer å nyte vinteren. Folk i Tromsø ser ut til å fokusere på dei positive sidene ved vinteren og ser han som ei moglegheit til avkopling, kos og andre hyggelege aktivitetar, seier Kari Leibowitz ved Stanford-universitetet til VG.
I ein artikkel i det amerikanske magasinet The Atlantic , der ho utdjupar studien, skriv ho at tromsøværingar paradoksalt nok ser ut til å takle vinteren betre enn det folk i lysare og varmare strøk sørpå gjer.
Studien baserer seg på eit tilfeldig utval av 238 vaksne nordmenn i sør, nord og på Svalbard, som vart bedne om å gradere utsegner om kor glade dei var i vinteren.
– Resultata viste at jo lenger nord ein kom, desto gladare var folk i vinteren. Og vi såg store forskjellar mellom sør og nord, seier rettleiar Joar Vittersø, som er professor i samfunnspsykologi ved Universitetet i Tromsø til VG. (©NPK)