Velkomen til eit drittår

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er henta frå Universitas

1. Økonomien går på trynet
Det er vanskeleg å unngå dei dystre spådommane om norsk økonomi. Oljeprisen stuper nedover, arbeidsløysa i Noreg går oppover i same tempo, og den norske krona er ikkje verd noko særleg lenger.Dette, saman med fleire andre faktorar, gjer at Norges Bank spår at 2016 blir det verste året i perioden 2014-2018, og fleire andre spår at dette året blir det tyngste i omstillinga vår til ein økonomi som ikkje er avhengig av olje, ifølgje Aftenposten si oversikt over marerittøkonomien. Studentane fekk ei gladnyheit før jul, med lovnad om 11 månaders studiestønad – men det løftet, om det faktisk blir oppfylt innen 2020, gir ingenting å smila for i året som kjem.

2. Me er einsame, deprimerte og angstfylte
Rett før jul utførte Sentio ei studentundersøking for Norsk Studentorganisasjon (NSO) og Universitas. Resultata, som du også kan lesa om andre stader i avisa, var nedslåande på nokre punkt, og lite overraskande på andre. Det kom ikkje som eit sjokk at einsemd framleis er eit utbreidd problem blant studentar i Noreg. Så mykje som éin av fem studentar seier at dei kjenner seg einsame, medan nesten halvparten av dei spurde har utfordringar med angst knytt til eksamen, framføringar og liknande på studiane.

3. Merkelappen «Generasjon Prestasjon» øydelegg meir enn det løyser
Ved å gjera dei unge og lett påverkelege merksame på at alle andre prøver så hardt dei kan å vera best, følgjer resten etter. Slik har me fått ein generasjon som kanskje er prega meir av depresjon, stress og eteforstyrringar enn faktiske prestasjonar. Lite tyder på at dette skal bli betre i 2016.

4. Ingenting forandrar seg
Det same gjeld heilt konkret for studentpolitikken. Sjølv om 11 månaders studiestønad ser ut til å bli ein realitet, startar NSO pressemeldinga si om studentkrava for 2017 slik: «Årene går, men studentkravet består».

Det er eit teikn på noko symptomatisk for studentpolitikken – få endringar og lite gjennomslag. Ønsket er framleis at studiestøtta skal tilsvara 1,5 G – altså 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, og 3000 nye studentbustader.

Dette er ikkje nye tal, det er faktisk akkurat dei same som i fjor. Det betyr éin ting: Studentkravet har blitt nedprioritert lenge, og lite tyder på at 2016 blir året der alt snur – den dårlege økonomien kan vera eit teikn på det motsette.

5. Verda går framover
Trass dei tunge statistikkane over, er ikkje verda så bekmørk- eg lovar. Det er lett å sjå på isolert statistikk og fella ei tåre for ei bekmørk framtid, men det er like lett å finna lyspunkta: Barnedødelegheit og barnearbeid går ned, demokratiet spreier seg, færre døyr av krig og hungersnød, og færre er fattige i verda. Nedgangstida i den norske økonomien vil mest truleg gå over om nokre få år – dette er eit overgangsproblem, ikkje permanent. Det viser også optimismen i studentundersøkinga, der eit overveldande fleirtal forventar å ha ein fast jobb innan fem år etter utdanninga.

Moralen er at 2016 kjem til å ha nok av utfordringar, og det kjem til å svi. Men det gjeld for dei fleste år. Godt nyttår!