UiO sitt senter for ekstremismeforsking oppstod etter terroren mot Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det vert uttrykt så mye hat

– Det finst mange senterar rundt om i Europa som er veldig vide og uklare i profilen sin. Det er ikkje så dumt å ha eit senter med ein klår tematisk profil. Det gjer at vi kan verta desidert best på forsking om høgreekstremisme, og det er det vi ynskjer å verta, seier Bjørgo, påtroppande leiar for Senter for ekstremismeforskning: Høyreekstremisme, hatkriminalitet og politisk vold.

Senteret opnar ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet den første februar.

– Dei to ekstremistmiljøa som skapar mest problem for verda i Europa er høgreekstreme og militante islamistar, seier Bjørgo og forklarer at forskinga på militant islamisme har vore godt dekt dei siste tjue åra, medan høgreekstremismen så vidt har vorte omtalt.

Dette endra seg i kjølevatnet av 22. juli. Terrorangrepet som ramma Noreg vart bakgrunnen for eit nytt forskingssenter.

LES OGSÅ: Vann pris for film om framandkrigarar

Tilfeldig rasist
– Ein gong ekstremist, alltid ekstremist. Det stemmer ikkje, fortel Bjørgo.

Sjølv kallar han seg veteran i ekstremismeforsking i Noreg og har studert årsakene til kvifor folk ynskjer å knyta til seg slike rørsler, og endå viktigare: kvifor folk vel å trekkja seg ut.

– Dei aller fleste har ein kort karriere i ekstremistiske grupper, seier han. Bjørgo er ein pioner i sitt felt, og eit av hovudfunna hans frå doktorgraden om rasistisk og høgreekstrem vald i Skandinavia var at radikalisering skjer som konsekvens, ikkje som årsak.

– Det er fascinerande, då eg starta trudde eg at folk gjekk inn i rasistiske miljø fordi dei var rasistar. Men det var dei jo ikkje. Dei fleste vart rasistar fordi dei gjekk inn i eit rasistisk miljø av heilt andre årsaker, forklarer Bjørgo.

LES OGSÅ: «Kva har vi her – ein gorilla?»

Spin-off-ekstremisme
Eit av dei tema som forskingssenteret skal følgja er høgreekstreme rørsler. Dette inneber alt frå høgreradikalisme som opererer innanfor eit demokratisk rammeverk, til ulike former for framandfiendtlegheit, antiislamisme, nazisme og konspirasjonsteoriar.

– Det er mange variantar av ekstremisme på ideologiplan og aktivistplan, og vi får stadig nye variantar som er spin-off av gamle idear. Frå gata til data, til dømes, seier han og forklarer at ein stadig større del av aktivisme og rekruttering skjer i sosiale medium.

LES OGSÅ: Antirasisme skal inn i skulen

Meir valdeleg enn islamistar
Senteret vil òg kunne få stor betydning for kartlegginga av hatkriminalitet i Europa.

– Når den offentlege debatten handlar om islamistisk vald, har det ei viss betydning at vi dokumenterer at i svært mange land er fleire drepne av militante høgreekstreme enn av islamistar, seier Bjørgo.

Døme på dette er Noreg, Sverige, Tyskland og ei rekkje land i Aust-Europa, og dessutan i USA etter ellevte september 2001 .

– Er den norske befolkinga oppteken av høgreekstremisme?

– Dei er oppteke av flyktningbølgja, og for mange fører det til frykt. Det vert uttrykt så mye hat på nettet, som oppfordringar til vald, truslar og trakassering som jagar folk bort frå å delta i den demokratiske prosessen, svarar Bjørgo.

LES OGSÅ: PST varslar ikkje om farlige Syria-krigarar

Sterkast fagmiljø
Universitetet i Oslo vann konkurransen med Universitetet i Bergen og Høgskulen i Oslo og Akershus. Alle tre utdanningsinstitusjonane søkte om dei 50 millionane frå Forskningsrådet for å etablera eit senter for forsking på høgreekstremisme. UiO gjekk sigrande ut med grunngjevinga om at dei hadde størst fagmiljø. Med seg dei neste fem åra har Bjørgo over 15 tilsette og langt fleire samarbeidspartnarar.

– Eg er overvelda over den store entusiasmen som oppstod på UiO då planen om eit senter for forsking vart utvikla. Det er veldig mange dyktige og ambisiøse forskarar som vil vera med, og eg gleder meg til å samarbeida med dei, seier Bjørgo.

Denne saka er henta frå Universitas