Èin av ti bønder er under 40 år
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Problemstillinga er ekstremt kompleks. Men viss vi skal ha norsk matproduksjon i framtida, er det avgjerande å snu trenden, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) til Aftenposten.
Han peiker på tre endringar i landbruket han meiner er nødvendig for å snu trenden: Betre føreseielegheit for dei som tar over garden, betre arbeidstider og større moglegheiter til å leve av det garden produserer.
LES OGSÅ: Dale vil få unge inn i landbruket
Tiltak for unge
Eitt tiltak som skal bidra til å auke rekrutteringa av unge til landbruket, er panelet Såkornutvalet, som Felleskjøpet Agri står bak. Det er ein digital møteplass for unge bønder der dei kan utveksle erfaringar.
– Vi håper at dette arbeidet kan bidra til å bryte ned stigmatiseringa av bøndene som trauste og litt kjedelege, seier kommunikasjonssjef Hanne Lauritzen i Felleskjøpet til Aftenposten.
LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje garden
– Priskontrollen må ikkje bli fjerna
Norges Bondelag meiner ei fjerning av priskontrollen på landbrukseigedomar, slik regjeringa foreslår, vil forsterke problemet med høg alder.
– Priskontrollen er eit viktig verktøy for å hindre at unge som vil inn i næringa, må sette seg i stor gjeld. Ei fjerning av priskontrollen vil vere ei stor rekrutteringsbarriere, seier generalsekretær Per Skorge i Bondelaget til NTB.
Han strekar under at sjølv om gjennomsnittsalderen på norske bønder er for høg, er den lågare enn i både Sverige (58 år) og Danmark (62 år).
– I Danmark har gjelda på landbrukseigedomar i snitt tredobla seg eit sidan 2000 og sendt mange bønder ut i ei djup gjeldskrise. Vi fryktar det same vil skje her om Stortinget går inn for forslaget frå regjeringa, seier Skorge. (©NPK)