Éin av fem einslege asylsøkjarar flyttar til Oslo


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Einslege asyl-søkjarar flyttar til by
Det viser ei undersøking Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjort av denne gruppa mellom 1996 og 2013, skriv Dagsavisen.
Ved inngangen til 2014 budde 20 prosent i Oslo, mens berre 8 prosent blei opphavleg busett der.
Økonomisk sjølvberga i distrikta
Statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) i Justisdepartementet synest talet er høgt.
– For sekundærflytting er dette eit noko høgt tal, som vi prøver å motverke, seier Kallmyr til Dagsavisen.
Han seier departementet vil analysere dette og annan relevant statistikk i arbeidet med integreringsmeldinga.
– Vi veit av erfaring at det ofte er lettare å komme i arbeid og vere økonomisk sjølvberga i distrikta, seier Kallmyr, og viser til skilnaden i bustadprisar.
– I motsetning til Oslo der du må opp i tre-fire millionar for å kjøpe ei leilegheit, kan du kjøpe hus for to millionar i distrikta, peikar han på.
LES OGSÅ: Det har aldri kome fleire mindreårige asylsøkjarar
– Naturleg
Professor Berit Berg ved Institutt for sosialt arbeid og helsevitskap på NTNU meiner flyttinga er naturleg.
– Det er viktig å huske på at dette er unge vaksne i ein overgangsfase, som til liks med andre unge vaksne kan ønske å flytte frå heimstaden sin, seier Berg. (©NPK)