– Dette må vera den beste måten å integrera på
Folkehøgskulane skal ta i mot 280 mindreårige asylsøkarar. Allereie denne veka byrja dei første elevane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Den beste måten å integrera på
Like før jul blei det klart at folkehøgskolane opnar dørene for over 280 mindreårige asylsøkarar, og allereie denne veka var det skulestart for fleire av dei. Fire 17-åringar frå Eritrea er no i gang med skuleåret sitt på Rønningen folkehøgskole i Oslo.
Der fekk dei besøk av både kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og innvandrings- og inkluderingsminister Sylvi Listhaug på onsdag.
– Det er fantastisk korleis folkehøgskolane har snudd seg rundt på kort tid og etablert nye elevplassar. Forhåpentleg får me på plass endå meir til skulestarten til hausten, for dette har eg verkeleg stor tru på, seier Listhaug, ifølgje folkehogskolene.no.
– Her får dei vera ein del av eit miljø heile døgnet, med alt det inneber av fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveldstid. Dette må vera den beste måten å integrera på, seier ho.
LES OGSÅ: Vent opptil 60.000 asylsøkjarar i år
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og innvandrings- og inkluderingsminister Sylvi Listhaug besøkte Rønningen folkehøgskole onsdag kveld.
Elevengasjement
– Her på folkehøgskolen er det mange kveldsaktivitetar utanom undervisinga. Det er ein flott arena for å koma i kontakt, og kan brukast aktivt for å læra om og av kvarandre, seier Bror Wetlesen Vedeld (19) frå Ås, som er elev på skulen til folkehogskolene.no.
– Her på skulen har me alle respekt for kvarandre, og for kor ulike vi er. At det er trygt å bu her håpar eg òg desse jentene vil oppleva, seier elevrådsleiar Ida Sabina Iversen Shavand Shirazi (19) frå Steinkjær.
LES OGSÅ: Stor framgang på folkehøgskulane
– Godt samhald
Sunnhordland Folkehøgskule på Halsnøy er blant dei som har sagt at dei vil ta i mot unge asylsøkjarar.
– Eg synest eg det er ein ekstremt god idé for å få til god integrering. Ungdomsmiljøet på skulen vil hjelpa dei til å bli integrerte, seier elevrådsleiar Kenneth Wærnes Busch til Framtida.no.
Han fortel at han ikkje kjenner til nokon som er mot det.
– Eg trur det er noko med samhaldet på skulen. Me er fleire som føler at me kan hjelpa og nokre pådrivarar gjer at dei andre blir med, seier han.