Ber pensjonerte lærarar om hjelp til asylbarna
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Isaksen frir til pensjonerte lærarar
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) oppretta torsdag ein lærarpool der lærarutdanna blir oppfordra til å melde seg inn dersom dei har kapasitet til å steppe inn som lærarar for asylbarna for ein periode.
– Lærarpoolen er eit akuttiltak for at barna skal få opplæring så raskt som mogleg, seier Isaksen til NTB.
Rundt 30.000 flyktningar har komme til Noreg det siste halve året, og 7.400 av dei er barn i skulealder.
– Når så mange har komme på kort tid, blir det vanskeleg å gi alle den opplæringa dei treng. Derfor må vi no tenkje litt nytt, seier Isaksen.
Lærarar som kan tenkje seg å bidra i mellombelse undervisingsoppdrag, blir oppfordra til å registrere seg i ein database som ligg hos Utdanningsdirektoratet.
LES OGSÅ: Nordmenn redd for å bli smitta av flyktningar
– Meld dykk
Registeret er først og fremst meint for lærarar som ønskjer å bidra i kortare, mellombelse undervisingsoppdrag.
– Vi veit at det for eksempel finst mange pensjonerte lærarar som ønskjer å bidra i den akutte situasjonen vi no er i, seier Røe Isaksen.
Leiaren i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, seier han håpar alle med lærarutdanning og som har ledig kapasitet, vil melde seg til lærarpoolen.
– På den måten kan dei bidra til å auke moglegheita for asylbarna til å lykkast i samfunnet, seier han.
LES OGSÅ: Salangen-Nyheter har sendingar på dari
Nettløysingar
Mange av dei 7.400 flyktningbarna som kom til landet i haust, har begynt i nye klassar på skular rundt omkring i landet no etter jul. I nokre kommunar er elevane samla i eigne mottaksklassar.
Behovet for ekstraundervisning er stort, og behovet for tospråklege lærarar er mykje større enn tilgangen i mange kommunar.
Utdanningsdirektoratet jobbar derfor med å utvikle digitale løysingar som gjer at ein tospråkleg lærar kan undervise på fleire ulike mottak utan å måtte reise landet rundt.
Isaksen seier departementet no snur kvar stein for å klare å løyse situasjonen. Ulike nettbaserte løysingar, bruk av frivillige og bruk av vaksne med lærarutdanning som sjølv bur i mottak, er blant løysingane som blir vurderte.
LES OGSÅ: Inviterer til akademisk dugnad for flyktningar
Stort press
I 2016 er det anslått at det vil komme ytterlegare 10.000-60.000 asylsøkjarar til Noreg. Ein stor del av desse vil vere barn i skulealder. Isaksen er klar på at dette vil bli ei stor utfordring for Skule-Noreg.
– For at vi skal klare å gi eit skuletilbod til dei barna som er i Noreg, så er vi heilt avhengige av at det ikkje kjem for mange på for kort tid, fastslår han. (©NPK)