Legeforeningen vil forby sal av tobakk til alle fødde etter 2000. – Ungdom klarar sjølve å finne ut kor idiotisk røyking er, meiner Framstegspartiets ungdom.

Aftenposten skriv at Legeforeningen vil forby sal av tobakk til alle som er fødd etter 2000.

Allereie i dag er det 18 års-grense for kjøp. Legeforeningen foreslår at dei som i dag er 15-16 år aldri skal kunne kjøpe røyk.

LES OGSÅ: Svelt på grunn av snus

Foreininga ønskjer ikkje å kriminalisere bruk av tobakk, men vil gjere det vanskelegare for dagens 15-åringar å få tilgang når dei vert myndige. Forslaget er eit tiltak for å fase ut røyk innan 2035, og skape ein tobakksfri generasjon, skriv avisa.

Forslaget får ikkje støtte frå fire sentrale helsepolitikarar på Stortinget, som Aftenposten har snakka med. Heller ikkje Framstegspartiets ungdom (Fpu) eller Unge Venstre trur forbod er vegen å gå.

«Blindt helsefokus»
– Ungdom klarar sjølv å finne ut kor idiotisk røyking er, seier Atle Simonsen, leiar i Fpu.

Han meiner forslaget er lite gjennomtenkt og at Legeforeningen fokuserer blindt på helse.

 I Fpu trur vi ikkje at røyking forsvinn berre ein forbyr det. Kanskje vil det til og med bli kulare for nokon med eit forbod. Dessutan vil folk likevel klare å få tak i tobakk.

LES OGSÅ: Vil ha røykfrie leikeplassar

Fpu-leiaren trur til og med forbod kan få motsett effekt.

 Legeforeningen vil forby sal av tobakk til dei som er fødde etter år 2000. Det inneber også snus, som for mange er ei hjelp til å slutte å røyke og som vi veit er langt mindre helsefarleg enn røyk. Forslaget vil gjere at færre sluttar å røyke ved å gå over til snus, meiner han.

I staden for eit forbod, trur Simonsen på haldningskampanjar. På ti år har talet på norske røykarar blitt halvert, og Fpu-leiaren meiner det syner at informasjonsarbeidet verkar.

 Alle piler peikar i riktig retning, og folk i alle aldrar sluttar å røyke. På dette tidspunktet har alle i Noreg god tilgang på informasjon om kor skadeleg røyk eigentleg er. Som vaksen eller nyvaksen må ein sjølve ta val om eigen kropp, seier han.

«Velferdsstaten skal ikkje vere ei tvangstrøye»
Også Unge Venstre-leiar Tord Hustveit trur forbod er ein dårleg ide.

 Eg er viljug til å betale for ein velferdsstat som let oss ta ulike val, sjølv om det inneber ein risiko. Når velferdsstaten vert brukt som eit argument for å slutte å gjere ting, då vert eg meir skeptisk. Den skal ikkje vere ei tvangstrøye, seier han.

Også Hustveit meiner førebygging ved hjelp av informasjon om skadene ved tobakk er betre enn eit forbod. I tillegg meiner han gode rollemodellar er viktig.

 Det finst mange viktigare argument for å ikkje røyke enn at det er forbode, seier han.

LES OGSÅ: Spår tobakksslutt i 2040

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06
ANNONSE