Leiaren i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, om kva som har gledd og skuffa ho mest i 2015.

mm

Kva har gledd deg mest i 2015?

– Det gler meg at så mange engasjerer seg for språket mitt, for dialektane og for språkmangfaldet. I året som har gått har eg møtt mange lærarar som gjer ein kjempejobb for at elevane skal bli stolte nynorskbrukarar eller flinke i sidemålet sitt. Det er noko som både gler meg og motiverer meg. Slike lærarar treng me fleire av! Den siste tida er det fleire og fleire kommunar som har teke i bruk nynorsk som opplæringsspråk for vaksne innvandrarar, og det er òg ein ting å gle seg over. Ein av mange. I romjula fekk me ei ekstra julegåve, nemleg Donald på nynorsk!

Kva har skuffa deg mest i 2015?

– Eg vert skuffa når me får inn klage på klage frå studentar som ikkje har fått eksamenen sin på nynorsk, og når eg høyrer om studentar som ikkje møter forståing når dei ynskjer å få eksamensoppgåva på sitt eige språk. Eg vert ikkje overraska, men like fullt skuffa, når politikarar nyttar valkampen på å sanke røyster ved å setje den språklege jamstillinga på spel i kampen for valfritt sidemål. Desse skuffelsane gjer meg heldigvis meir engasjert, og meir takksam for at eg får jobbe for språket mitt kvar dag.

Kva er det største ønsket ditt for 2016?

– Eg ynskjer meg meir språkleg toleranse. Eg ynskjer meg at alle skal få snakke og skrive som dei vil utan å verte utsette for negative ytringar om språket deira. Eg håpar på å få sjå meir nynorsk i riksavisene, og at færre studentar vert nøydde til å klage på manglande eksamensoppgåve på nynorsk.

Kva bok vil du anbefala andre å lesa i jula?

– Tonje Glimmerdal av Maria Parr, heilt klart. Den boka har eg gjeve i gåve mange gongar fordi det er ei bok alle burde ha lese, både vaksne og born. Det er ei klok bok, og eit godt døme på god nynorsk barnelitteratur som endå fleire burde bli kjend med. Maria Parr skriv snyta godt, og historia om Glimmerdalens vesle dunder treffer deg rett i hjartet og er nesten ei kjenslemessig påkjenning.

LES OGSÅ: Maria Parr: – Alle barndommar er like viktige

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06
ANNONSE