– Det blir ikkje noko samfunnsendring av sånt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva har gledd deg mest i 2015?

– Må innrømma at eg jubla høgast då resultata for skulevalet kom. Grøn Ungdom fekk 6,8 prosent nasjonalt, det beste resultatet vårt nokosinne. Det er vilt med tanke på der ferske medlemmane våre er i valkamp-«gamet» og kor lite ressursar vi hadde. Vi boksa i ei vektklasse over vår eigen i haust. Var òg gira på valnatta, då det vart klårt at Dei Grøne fekk 4,2 prosent av stemmane nasjonalt i kommunevalet. Hadde det vore Stortingsval, ville vi ha kome over sperregrensa og fått ein mykje større gruppe på Tinget. Det skal vi gjera i 2017, noko som er bra for både natur, dyr og menneske.

Kva har skuffa deg mest i 2015?

– Kall meg naiv, men eg blei faktisk oppriktig skuffa då regjeringa la fram forslaget sitt til statsbudsjett i haust. Dei hadde brukt heile valkampen på å snakka om «det grøne skiftet» og å «forsterka klimaforliket» og den slags, men når det kom til stykket la dei fram eit budsjett for auka utslepp, forbruk og miljøbelastning. Kvart år er det sånn: Høgre og Frp legg miljølista så lågt at KrF og Venstre må bruka alt krutet på å løfta han til eit nivå som ikkje er heilt katastrofe. Det blir ikkje noko samfunnsendring av sånt!

Kva er det største ønsket ditt for 2016?

– Kan eg få to? At vi greier å få dei globale klimagassutsleppa til å byrja å falla, og at USA vel ein president som ikkje er klin sprø.

Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– Eg tilrår Elisabeth Kolberts «Den sjette utryddelsen», som nyleg er omsett til norsk. Ho er velskrive, lettlesen og underhaldande, og fortel historia om korleis levesettet til menneskja har vorte ei geologisk kraft som forandrar levevilkåra på jorda like drastisk som dei førre fem store masseutryddingshendingane. For 65 millionar år sidan måtte dinosaurane takka for seg på grunn av ein asteroide – no er det vi som er asteroiden! Boka illustrerer kvifor miljøkampen må handla om mykje meir enn klimakvoter; han må handla om korleis vi lever, og korleis vi må leva for ikkje å øydeleggja alt det unike livet på jorda – inkludert oss sjølv.