Kampen for nynorsk i Donald førte fram

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kampen førte fram

2015 opna med ei gladnyhende for alle nynorskeglade Donald-fans. 

Då var det for første gong på over 50 år nynorsk i snakkeboblene i Donald Duck & Co. Då Framtida spurde Donald-redaktør Marius Molaug om det var fleire nynorske andeforteljingar i vente, svara han at: «kanskje det kjem om dei startar eit Facebook-opprop eller fakkeltog.» 

Den oppmodinga tok Mållaget på strak arm, og i skrivande stund har over 2125 likt Facebook-oppropet «Nynorsk i Donald? Ja takk!».

No har Donald-redaktøren gjort som han lova.

Les nynorsk med Donald
4. juledag kom albumet «Les nynorsk med Donald Duck» i butikkhyllene. Teikneserieforfattar Olaf M. Solstrand fortel at det enkeltståande teikneseriealbumet innheld Barks-klassikaren «Eggemysteriet», som skapte furore i 1963 fordi inbyggjarane på Gufseplassen snakka vossamål.

I tillegg inneheld albumet to andre Donald-historier på nynorsk. Det er også tre faktaartiklar i albumet, og dei to som er nyproduserte er på nynorsk.

Ifølgje Molaug er albumet eit svar på det folkelege engasjementet.

– Det var veldig morosamt med merksemda sist. Facebook-oppropet for nynorsk sette i gang tankegangen, og dette albumet er ein slags respons på engasjementet, seier han.

Albumet er enkeltståande, og redaktøren vil ikkje love at Donald vert fullt av nynorsk framover. Først vil han sjå korleis det går med dette nummeret.

– Det er veldig gøy at så mange tykkjer Donald er kult og er opptekne av språket. Nynorsk er ein del av det norske språket, og vi høyrer jo på folket, seier Molaug.

Og legg til:

– No får vi sjå om det blir fakkeltog, då!

Skal få som bestilt
Leiaren i Norsk Målungdom er ikkje vanskeleg å be.

– Vi går gjerne i fakkeltog for meir nynorsk i Donald, men vi vonar dei kan bruke meir nynorsk på eige initiativ òg, seier Synnøve Marie Sætre.

Ho er glad for det nynorske teikneseriealbumet.

– Dette er kjempebra! Å bruke nynorsk i Donald er ein fin måte å syne fram og anerkjenne språkmangfaldet på. Eg trur det er veldig positivt for unge å sjå språket sitt i bruk på den måten. Donald er med å gjere dei til sikrare språkbrukarar. I tilegg sender det signal til endå fleire om at det funkar å bruke nynorsk og at det blir godt teke imot, seier Synnøve Marie Sætre.

Ho håpar at det vil verte meir nynorsk i Donald. Dermed håpar ho også at dette bladet blir utseld, slik at utgjevaren ser at det er ein marknad for nynorsk-Donald.

Omstridd nynorsk i Donald
Det var den fjerde utgåva av Donald Duck & Co i 2015 som inneheldt historia «Truet art på fremmed tomt», der ein duckifisert versjon av TV2-profil og nynorskbrukar Arill Riise dukka opp som journalist.

LES SAKA:«Rarill Krise snakkar nynorsk»

Saka held fram under biletet.

I Donald-blad nummer 4, 2015 kan ein lese «Truet art på fremmed tomt», opphavleg skriven av nederlandske Jan Kruse, og teikna av Sander Gulien. (C) Disney

Fleire medium, inkludert Framtida.no, melde at det var 50 år sidan sist det vart snakka nynorsk i Donald, då i legendariske «Eggmysteriet» frå 1963.

Seinare synte det seg at dette berre var delvis rett at. Ein Donald-entusiast påpeika at ein nynorsktalande vikinghøvding gjesta teikneserien i 1977. Den nynorske karakteren hadde sin opptreden i eit spesialhefte som kom ut det året.

Nynorskhistoriane som kom ut 4. juledag er produsert på engelsk, som dei fleste Donald-historier. Dei har også vore utgjevne på bokmål tidlegare. I dette høvet er dei omsett til nynorsk.

LES OGSÅ: Fann skjult nynorsk i Donald

Fornærma vossingar
I Carl Barks-forteljinga «Eggemysteriet» møter Donald og nevøane ein mystisk indianarstamme som hyller alt som er firkanta. I den norske versjonen syng indianarane «På Vossevangen der vil eg bu», og snakkar ei blanding av vossamål og gamaldags nynorsk. 

Desse nynorske indianarane fekk målfolket til å sjå raudt.

Etter klager frå vossingar og nynorskfolk avgjorde sjefen for barneavdelinga på Deichmanske bibliotek at bladet skulle fjernast frå hyllene.

Saka gjekk vidare til Teikneserieutvalet, som konkluderte med at bladet ikkje diskriminerte noko norsk språkgruppe.

LES OGSÅ: Mållaget:– Dette vil folk ha