Fann skjult nynorsk i Donald

Historia som nyleg var på trykk i Donald er ikkje den første på 50 år med ein nynorsk karakter.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter å ha lest artikkelen om Donald sin Arill Riise-parodi Rarill Krise i Møre den 15. januar, tok Odd Kåre Fløtre kontakt med avisa.

– Det står i saka at dette er første gong ein karakter snakkar nynorsk i Donald sidan «Eggemysteriet» i 1963. Det er berre delvis rett. Det kan stemme om seriehefta som kjem ut ein gang i veka, men eg hugsar ein nynorsk karakter frå eit spesialhefte frå 1977, fortel den merksame Donald-entusiasten.

LES OGSÅ: «Rarill Krise» snakkar nynorsk!

– Snakka kav nynorsk
Fleire norske media meldte i førre veke at «Rarill Kriise» er den første nynorske karakteren i Donald-bladet på 50 år. Historia Fløtre snakkar om var på trykk i «Donald Duck Spesial», som kom ut månadleg frå 1976 til 1980. Den første historia i desemberutgåva frå 1977 har namnet «Onkel Skrue møter Rolf Rødskjegg». Onkel Skrue dreg med Donald og gutane til Skottland for å leite etter eit armband som vikinghøvdingen Rolf Rødskjegg plyndra frå tipp-tipp-tipp-oldefaren hans.

– Vikinghøvdingen snakka kav nynorsk. Det kan vere at det finst andre historier med nynorske karakterar òg, men det kan eg ikkje garantere, seier Fløtre.

LES OGSÅ:Spår meir dialekt i Donald

– Gått i gløymeboka
– Han har heilt rett, det er ei historie utgitt i 1977 der ein overlevande vikinghøvding snakkar nynorsk, bekreftar Solveig Thime, redaktør i Egmont Kids Media Nordic.

Historia har italiensk opphav og først vart gitt ut i 1968.

– Når Donaldredaksjonen opplyser at Rarill Krise truleg er den første nynorske karakteren sida 1963, snakkast det då berre om vekebladet Donald eller har rødskjegghistoria rett og slett vorte gløymt?

– Eg trur nok historia har gått i gløymeboka. Eg kan ikkje hugse å ha høyrt om den før, og eg har jobba med Donald veldig lenge, seier Thime.

– Men det er uansett nokon som har snakka nynorsk i Donald-bladet nylegare. Det er rett nok dei same figurane som snakka nynorsk i 1963, men dei dukkar opp att i Don Rosa si historie «Tilbake til Gufseplassen» i 1990.

Thime fortel òg at det vart utgitt nokre album i 1984 der alle snakka nynorsk.

– Men då er det berre snakk om at historiene er oversett til nynorsk i staden for bokmål, forklarer ho.

Les saka i Møre.