Kan du bytereglane?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først på trykk i Sunnhordland avis!

– Denne kjolen såg jo knall ut, seier Oda Skard og hentar fram ein fargerik kreasjon frå hyllene i klesbutikken Snor på Bytunet.

Dei tre venninnene har nettopp vore på AMFI, og har allereie fått byta inn nokre av julegåvene dei har fått i år.

Ikkje berre byting
Litt shopping, og ikkje minst kiking, vart det også tid til.

– Eg har byta ei klokke som eg fekk til jul, til ei med ein litt annan farge, seier Mathilde Fosse.

– Og eg byta ein treningsshorts som var for stor, held Oda Skard fram.

– Eg har ikkje byta, men me går jo å handlar litt også, for det er jo litt tilbod ute å går, smiler Malin Skagemo.

LES OGSÅ: «Julefeiringa er ein stor triumf for meg»

Har på seg julegåver

– Fekk de noko kjekt til jul, då?

– Eg fekk denne jakka, held Skagemo fram, og syner fram julegåva ho har på seg.

– Handballsko, og desse joggeskoa fekk eg til jul, seier Mathilde Fosse, og set fram foten med eit par kritkvite Converse-sko.

– Denne fekk eg, eit treningsarmband som ein kan sjå pulsen sin på, seier Oda Skard.

Ifølgje butikksjef og eigar Erika Nygaard Ormseth i klesbutikken, hadde omlag 20 personar teke turen innom for å byta så langt måndag ettermiddag.

– Det går mest i bytte til tilgodelappar, og endringar av størrelsar, seier Nygaard Ormseth i Snor, som opna i mars i år.

LES OGSÅ: Slit du med kjærleiken? Les ei bok!

Her er bytereglane

1.     Vêr tidleg ute. Bytteretten i romjula er ein tradisjon i handelsstanden, men etter nyttår er det ingen lovfesta rett å bytte feilfrie varer

2.     Bytt før salet startar. Mange butikkar har 10 dagars open retur. Det kan bety at du må bytte i romjula for å rekke det

3.     Ta med kvittering eller byttelapp. Les byttelappen nøye for å vite kva for rettar du har.

4.     Ikkje bryt pakninga, klipp av merkelappar eller ta vara i bruk på nokon måte.

5.     Internett-gåve? – Sjekk om du har angrerett.

6.     Gå rett til disken med vara når du kjem for å bytte, særleg dersom du ikkje har kvittering.

7.     Enkelte kjeder har ope kjøp i 30 dagar, mens andre kan ha 10 dagar eller ingen dagar.

8.     Salsvarer kan sjeldan bytast.

9.     Undertøy kan som oftast berre bytast dersom det ligg i forsegla pakning.

10.   Ved bytte av sko skal skoeska følgje med.

11.   Du har ikkje krav på å få pengane tilbake, men kan dei fleste stadar få ein tilgodelapp.