Slit du med kjærleiken? Les ei bok!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eleanor & Park
Av Rainbow Rowell
Omsett av Agnete Øye
Fontini forlag 2015

– Eit utdrag frå denne boka er med i årets Rein tekst-aksjon i vidaregåande skule. Foreningen !les får tilbakemeldingar på at dette er ein roman som fell i smak hos elevane. Kanskje ikkje så rart når det handlar om 16-åringane Eleanor og Park som møtest på skulebussen og vert forelska i kvarandre. Men så var det dette med å få fram kva ein føler, få sagt eller vist det til personen du er forelska i at du er nettopp det – forelska. Det slit både Eleanor og Park med og i boka følgjer vi begge som hovudpersonar. Forteljarstemmene skiftar blikk og gjev ei interessant framstilling av tankane dykkar og oppfatningar. Eit spørsmål er om dei i det heile vil bli saman, men det aller største spørsmålet er: Kan den første forelskinga vara evig?


Prosjekt Rosie
Av Graeme Simsion
Omsett av Aleksander Melli
Aschehoug forlag 2014

– Det er lett å begeistrast for hovudpersonen Don Tillman i Prosjekt Rosie. Tillman er professor i genetikk og oppteken av å finna den perfekte partnaren. Planen hans er å finna sin utkåra via eit omfattande spørjeskjema med ei rekkje strenge krav for ei eventuell framtidige kone. Ho skal til dømes ikkje jobba i bar, drikka, røykja eller koma for seint til avtaler. Det vert naturlegvis ei utfordring når Don treffer Rosie som gjer nettopp desse tinga. Ei feelgood-bok og forskjellig kjærleikshistorie som du garantert vert i godt humør av.
 

Andvake og Kveldsvævd
Av Jon Fosse
Samlaget 2007 og 2014

– Enkelte har ei formeining om at norsk ungdom ikkje må utsetjast for Jon Fosse. Det synest eg er litt defensivt, som om ein kan utsetja nokon for å lesa kvalitetslitteratur. Fosse har to gonger vore nominert til Ungdommens Kritikarpris. Første gong i 2007/08 for Andvake og sist i 2014/15 for Kveldsvævd. Dette er høvesvis bok ein og tre i trilogien som òg inneheld Olavs draumar (2012), og som Fosse nyleg fekk Litteraturprisen til Nordisk Råd for.

– Andvake ei fantastisk kjærleikshistorie, meinte ein idrettselev som deltok i Kritikarprisen til ungdomen i 2007/08, medan ein av juryelevane frå fjoråret, som las Kveldsvævd, påstod han ville drepe for at Fosse skulle vinna prisen dersom heile trilogien var nominert. Bøkene har tydelegvis sett spor i nokon av lesarane som har vorte utsett for dei. Det ligg mykje under det stramme språket til Fosse. Bøkene handlar kort fortalt om håpet til Asle og Alida om ei betre framtid, men som møter motstand på vegen, saman og kvar for seg, frå Dylgja til Bjørgvin og tilbake igjen.
 

Magnet
Av Lars Saabye Christensen
Cappelen Damm 2015

– Lars Saabye Christensen er på sitt beste i den siste utgjevinga si, Magnet, og leverer humor og alvor side om side gjennom stort sett heile dette storverket på nærare 800 sider. Hovudpersonen er Jokum Jokumsen, litteraturstudent på Blindern og litt av ein type. Lang og hengsla, umogleg å ikkje få auge på. Han bur i kollektiv på Sogn og forelskar seg i romvenninna Synne. Ein snerten dame som Jokum vel ikkje kan ha ein sjanse på? Vel, sei ikkje det, sei ikkje det. Jokum har ein viss sjarm òg og lovar å elska Synne frisk. Vi følgjer Jokum og Synne gjennom 1970-talet i Oslo og vidare til San Francisco. Her dyrkar dei karrierane sine, Jokum som fotograf og Synne som kurator. Magnet er ei lita snodig kjærleikshistorie og svært underhaldande å lesa. Som innflytta Oslo-borger er det alltid interessant å lesa Saabye sine skildringar av hovudstaden, uansett tiår. Det er òg tilfellet denne gongen.