Fire av ti unge sparar ikkje
Fire av ti nordmenn mellom 18 og 34 år sparar ikkje regelmessig, viser ei fersk undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Samtidig seier nesten halvparten i denne aldersgruppa at dei ikkje ville takla ei uventa utgift tilsvarande ei halv månadslønn utan å låne pengar, skriv Stavanger Aftenblad.
Det kjem fram i ei undersøking utført av analysebyrået United Minds for inkassoselskapet Intrum Justitia.
Mange hushald lever med ørsmå økonomiske marginar, og éin av fem i aldersgruppa 18 til 34 seier at dei gruar seg til å opne postkassa av frykt for rekningar.
– Fleire treng å spare på jamleg basis. Å sette av eit mindre beløp kvar månad til sparing, kan utgjere ein stor forskjell for den økonomiske tryggleiken til hushaldet, seier administrerande direktør Reidun Korsnes i Intrum Justitia i Norge.
I undersøkinga kjem det også fram at 11 prosent av den vaksne befolkninga seier dei ikkje har kontroll over eigen økonomi.
Samtidig trur nordmenn at dei har betre økonomi enn gjennomsnittet i Europa. 80 prosent av dei spurde trur dei er betre stilt enn ein gjennomsnittseuropear.
LES OGSÅ: Børsen på pensum