Men ser òg nokre problem.

NPK
NPK
Faktaboks

Frå rapporten:
Ein eventuell fusjon vil i seg sjølv berre i mindre grad påvirka delen årsverk i førstestillingar, søkartal, studiegjennomføring og tidsbruk.

Nye mulegheiter:
• utvide og forsterke den regionale rolla
• utvikla større, breiare og sterkare fagmiljø
• lettare å tilby eit femårig mastergradsløp for lærarutdanning

Det er også mange ulemper:
• store geografiske avstander kan gi utfordringar knyta til kommunikasjon og samarbeid
• usikre effektivitetsgevinstar
• fleircampus-modell kan innebera fare for utvikling av nye byråkratiske strukturar

LES FAKTALUKK FAKTA

Ei ny utgreiing frå forskingsinstituttet Nifu gir eit godt grunnlag for at høgskulane i Bergen (HiB), Stord/Haugesund (HSH) og Sogn og Fjordane (HiSF) kan gå vidare med fusjonssamtalar, meiner rektorane.

Hovudinnhaldet i Nifu-rapporten er klart, og her blir eit fusjonsalternativ kalla «Profesjonshøgskulen i Vest», drøfta, fortel Høgskulen i Sogn og Fjordane på eigen nettstad. I ei avsluttande vurdering viser Nifu til at fordelane ved ein slik fusjon verkar større enn ulempene.

– På same tid framhevar rapporten at kvart enkelt av høgskulestyra må vurdere dette sjølv, og ta avgjerda sjølv, basert på eigne måtar å vekte og verdsetje fordelane og ulempene som er drøfta på, skriv HiSF.

Rapporten frå Nifu inneheld ei statuskartlegging av alle dei tre høgskulane enkeltvis, før fordelar og ulemper ved ein fusjon blir vurderte.

– Grundig rapport
Rektorane Rasmus Stokke (HiSF), Liv Reidun Grimstvedt (HSH) og Ole-Gunnar Søgnen (HiB) meiner rapporten er grundig og gir eit godt grunnlag for vidare samtalar om å gå saman, heiter det på fusjonsinfo.no, som dei tre skulane saman har oppretta for å samle informasjon om prosessen.

Rapporten skal no vurderast ved dei tre høgskulane.

– Rapporten blir viktig for prosessen vidare. I dette prosjektet er målet å sjå om vi saman kan skape ein institusjon som står sterkt og blir enda viktigare regionalt og nasjonalt, enn det den enkelte høgskule vil gjere aleine, uttaler Søgnen, Stokke og Grimstvedt.

– Vi har høge ambisjonar og ønskjer at ein eventuell fusjon skal gi Vestlandet solide fagmiljø som tenkjer nytt og tverrfagleg, utviklar profesjonane og kjem samfunnet til gode, legg dei til.

Skal ta avgjerd
I månadene som kjem skal dei tre høgskulane ta ei avgjerd på om dei ønskjer å gå vidare med fusjonsforhandlingar, eller ikkje. 12. januar skal rektorane ved dei tre høgskulane møte kunnskapsministeren for å snakka om prosessen. 3. februar blir det eit felles styreseminar i Bergen, og separate styremøte i dei tre høgskulane blir haldne dagen etter.

– Her vil det bli bestemt om den enkelte høgskule går inn i felles forhandlingar utover våren, blir det opplyst på nettstaden fusjonsinfo.no.

Sjølv om hovudinnhaldet i Nifu-rapporten er klart, kan nokre detaljar bli endra i siste korrekturrunde hos Nifu, opplyser HiSF. Ein siste oppdatert versjon blir offentleggjort i januar. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

Kommentarar

ANNONSE