Ullensvang, Hjelmeland og Årdal innfører nynorsk i vaksenopplæringa si.

mm
Faktaboks

Her er nynorskkommunane har vedtatt å gi opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar:

Hjelmeland
Suldal
Fitjar
Granvin
Jondal
Kvam
Kvinnherad
Stord
Ullensvang
Askvoll
Aurland
Balestrand
Eid
Fjaler
Førde
Gaular
Gloppen
Gulen
Jølster
Hornindal
Hyllestad
Høyanger
Leikanger
Luster
Naustdal
Sogndal
Solund
Stryn
Årdal
Hareid
Herøy
Sande
Ulstein
Vanylven
Volda
Ørsta
Nissedal

Opplæring på både nynorsk og bokmål:

Vik
Lærdal
Eidfjord
Ulvik

Kjelde: Noregs Mållag

LES FAKTALUKK FAKTA

Måndag vedtok heradsstyret i Ullensvang å innføra nynorsk i opplæringa for vaksne innvandrarar i heradet. Onsdag vedtok kommunestyret i Hjelmeland det same, og nokre veker tidlegare vedtok òg Voss det.

– Eg synest det er kjempebra, og heilt på sin plass. Det betyr noko for dei som skal integrerast. Når dei etterspør dette sjølv, for å læra språket som ungane deira lærer på skulen, så synest eg det er veldig viktig, seier Ullensvang-ordførar Solfrid Borge. Ho er òg styreleiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Til no er det 42 kommunar som har vedtatt å ha nynorsk i opplæringa for vaksne innvandrarar. Fire kommunar har opplæring på både bokmål og nynorsk.

Borge oppmodar no alle dei 69 nynorskkommunane som enno berre har opplæring på bokmål om å gjera som Ullensvang og skifta til nynorsk.

Oppdatering: Torsdag ettermiddag vedtok kommunestyret i Årdal samrøystes å innføra nynorsk i vaksenopplæringa.

LES OGSÅ:Krev fleire lærebøker på nynorsk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

ANNONSE