Luke 15: Ansjosen har vi fått frå eit heilt spesielt språk

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit heilt spesielt språk

Norsk ansjos kjem truleg av baskisk antxoa 'ansjos', men somme meiner det kjem av gamalgresk aphýē 'brisling'.

Det finst likevel ingen sikre døme på baskiske lånord i norsk, om vi ikkje reknar med ordet bajonett. Vi har lånt det frå fransk baïonnette, som er avleidd av Bayonne, største byen i baskarprovinsen Lapurdi (fransk Labourd). Bayonne er ei fransk form av baskisk Baiona.

Baskisk er eit spesielt språk. Språkforskarane har nemleg ikkje greidd å påvise slektskap mellom baskisk og nokon andre språk i verda, så det utgjer sin eigen språkfamilie med éin medlem

God 15. desember!

Les fleire språkfakta hjå Allkunne.