Elevar på yrkesfag får dårlegast klasserom
– Uakseptabelt, seier Elevorganisasjonen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Elev-leiar: – Uakseptabelt
Mens elevane på studiespesialiserande fag stort sett har undervising i rom der det er brukbart med dagslys og utsyn, så må elevane i fleire klassar på yrkesfag vera heile dagar, gjerne heile veka gjennom, i rom utan direkte utsyn eller tilstrekkeleg dagslys. Det melder Forskning.no.
Nina Huynh står bak undersøkinga av fleire enn hundre klasserom for teoriundervisning, fordelt på sju nybygde vidaregåande skular i seks fylke. Alle desse skulene har både yrkesfagelevar og elevar på studiespesialisering.
– Eg rekna med at me ville finna ein forskjell, men eg blei overraska over at han er så stor, seier Nina Huynh til Forskning.no. Ho har skrive om forskjellane i ei masteroppgåve på byggfag ved Norges miljø- og biovitskapelege universitet i Ås.
LES OGSÅ:Noreg heng etter i yrkesfag
– Kan ikkje akseptera
Elevorganisasjonen reagerer på dei store forskjellane.
– Viss dette er tilfelle, så er ikkje dette noko me kan akseptera. Me veit at ulike yrkesfag treng ulike fasilitetar. Me veit frå før at yrkesfagelevane i nokre arbeidssituasjonar ofte har dårlegare kvalitet på utstyret og rammene elles enn det dei vil oppleva i arbeidslivet, seier leiar i Elevorganisasjonen Kristoffer Hansen til Framtida.no.
Elevorganisasjonen har tidlegare påpeika at grupperom for spesialundervising ofte har lite eller ingenting dagslys.
I mange nye skulebygg er omsynet til effektiv bruk av areal og energi grunnen til det ikkje er så mange vindauge.
– Ein kan stilla spørsmålsteikn ved om kva som er viktigast: energiforbruk eller tilgang tl dagslys for læremiljøet til elevane, seier Hansen.
LES OGSÅ:Fleire elevar fullfører på yrkesfag
Vil ha lærarar og elevar med på planlegging
I den norske «Sundhetsloven» frå 1860 var det eit krav at skuleelevar fekk nok med dagslys. Reglane gjorde at det var dobbelt så mykje vindauge som regelverket seier i dag.
Leif D. Houck, førsteamanuensis ved NMBU i Ås, var vegleiar for mastergraden til Nina Huynh. Han foreslår ifølgje Forskning.no at nye skulebygg bør ha rundt 10 løpemeter vindusfasade per klasserom. I dag er det vanleg å pressa dette ned i 6 meter.
Houck oppmodar i ein artikkel hos Utdanningsforskning.no til at lærarane bør involverast når nye skular blir bygt.
Kristoffer Hansen i Elevorganisasjonen er samd dette, og legg til at òg elevar blir involvert.
– Me får betre skular om me som bruker skulane blir involverte, seier han til Framtida.no.
LES OGSÅ: – Stolt over å vera automatikar