Førde kåra til Årets nynorskkommune
– Førde er ein føregangskommune i nynorskarbeidet i Noreg, seier kulturministeren.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kommunen er ein aktiv pådrivar for nynorsksatsinga, ikke berre i eigen by, men i heile regionen, seier kulturminister Thorhild Widvey i samband med at Førde kommune får prisen «Årets nynorskkommune». Prisen er på 100.000 kroner.
– Vi ønskjer at denne prisen skal vere med å synleggjere det gode språkarbeidet som skjer i mange nynorskkommunar, seier Widvey i ei pressemelding.
– Førde har fokus på språkarbeid, og har gjennom prosjektet «Nynorskbyen» knytta identiteten sin tett opp mot nynorsk språk. Kommunen har eit uttalt mål om å bli eit kraftsenter for nynorsk.
LES OGSÅ:Førde vil bli nynorskbyen
Kompetansesenter
Ordførar Olve Grotle tykkjer også at prisen er velfortent. Han fortel til Firda.no at Førde jobbar aktivt for å ha nynorsken med i byutviklinga. Der kan 100.000 kroner i prispengar komme godt med.
– Desse pengane skal gå til noko som er med å vidareutvikle Førde som nynorskbyen. Det å vidareutvikle nynorskmiljøet til eit kompetansesenter er ein tanke som er i støypeskeia. Kanskje kan desse pengane verte første start på noko slikt, seier Grotle.
LES OGSÅ: Startar nynorsk avissenter i Førde

«Nynorskens skog» er allereie på plass i Førde. Snart kan det bli meir. Foto: Førde kommune
For første gong frå Widvey
Prisen «Årets nynorskkommune» har blitt delt ut sidan 2009, og har fram til i år blitt delt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
2015 er første året Kulturdepartementet er ansvarleg for prisen. Språkrådet har leia juryarbeidet på vegner av departementet. Prisen for neste år vil bli lyst ut våren 2016.
– Eg vil oppmode kommunar og fylkeskommunar til å sette i gang gode tiltak på eit tidleg tidspunkt, og å delta i konkurransen når utlysinga kjem, seier Widvey.
LES OGSÅ: Flinkare på skulen med nynorsk