Søndag 13. desember er det tid for den årlege luciadagen med luciatog og song. Teksten til den kjende songen Santa Lucia finst òg på nynorsk.

NPK
NPK

Det er særleg katolikkane i Italia som tradisjonelt har feira den sicilianske martyren Lucia kvart år før jul. Etter kvart har likevel skikken spreidd seg også utanfor den katolske kyrkja, mellom anna til Sverige, der luciafeiringa har stått sterkt sidan 1850-talet. Dei seinare åra har også nabolanda tatt etter dei svenske luciatoga i adventstida, mellom anna Noreg.

LES OGSÅ: Frå Lussi-frykt til Lucia-fest

Frå Italia
Luciasongen stammar opphavleg frå Italia og har i Noreg fått norsk tekst av forfattaren Ingvar Moe. Slik står han på nettsidene til Aasen-tunet:

Santa Lucia

Natta har svart og stor

gøymt stall og stover.

Sola har gått sin veg.

Dagen er over.

Inn i vårt mørke hus,

stig no med kveikte lys,

Santa Lucia, Santa Lucia.
 

Natta er mørk og stum.

Med eitt det susar

i alle stille rom

som venger brusar.
 

Sjå på vår terskel står,

kvitkledd med lys i hår,

Santa Lucia, Santa Lucia.
 

«Mørkret skal fara snart

frå fjell og dalar.»

Slik ho eit underfullt

ord til oss talar.
 

Dagen skal atter ny

stiga av raude sky.

Santa Lucia, Santa Lucia.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE