Knut Arild Hareide vil la fleire flyktningar finne bustad sjølv.

NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo
NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo
Faktaboks

Fakta om asylsamtalane på Stortinget

* Dei parlamentariske leiarane frå Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Venstre, Senterpartiet og KrF er med i samtalane på Stortinget om integrering og situasjonen i kommunane, medrekna busetjing.
* Dei seks partia vart samde om innstrammingar i den første runden med samtalar. Målet er å avslutte runde to før jul.
* SV og Miljøpartiet Dei Grøne var ikkje med i det første forliket og er derfor ikkje med i den vidare prosessen.
* Norske styresmakter anslår at det neste år er behov for å busetje 18.000 flyktningar, blant dei 4.400 einslege mindreårige, og 21.000 året etter. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

KrF går òg kraftig i rette med kommunar som ikkje buset. KrF-leiaren varslar også kamp mot profittjag i asylbransjen.

– Eg trur det er viktig at ein del kommunar forstår at dei må bli med no, for at vi skal kunne bevare ei frivillig linje, seier Hareide til NTB.

– Det kan ikkje vere slik at nokre kommunar skal ta heile jobben og andre ikkje skal vere med, legg han til.

Han åtvarar mot ein situasjon der nokre kommunar som har bidrege mykje tidlegare, nettopp av den grunn fortset å få ein større del flyktningar.

Seks parti på Stortinget skal før jul bli samde om tiltak for betre integrering og busetjing. Situasjonen er utfordrande, i og med at nesten 40.000 flyktningar skal busetjast og integrerast dei neste to åra.

Sjølvbusetjing

Kommunane melder i dag sjølv frå om kor mange dei kan busetje. Sjølv om behovet er stort og mange ventar i mottak, er Hareide til liks med regjeringa lite lysten på å tvinge kommunar til å busetje. For å lette presset på kommunane foreslår KrF meir sjølvbusetjing.

– Vi seier ja til sjølvbusetjing, men ikkje over alt. Vi ønskjer ikkje gettotilstandar, seier Hareide, og meiner Oslo ikkje bør vere omfatta av ei ordning med sjølvbusetjing.

Venstre har teke til orde for sjølvbusetjing innanfor kommunar og regionar. Det same har Sp, innanfor visse rammer.

KrF-leiaren vil sukre pilla for kommunane ved å premiere dei som tar imot mange, kanskje ved å styrke tilskot til integrering og vertskommunar.

– KrF er opne for det, seier Hareide, som har lagt merke til Sp-utspelet om at staten bør ta ein større del av asylrekninga til kommunane.

Høgre har derimot avvist å auke integreringstilskotet, slik at kostnadane blir dekte fullt ut.

Vil profitt til livs

Mens Venstre og regjeringspartia seier nei til forbod mot profitt i asylbransjen, står KrF nærare dei raudgrøne partia. Dei ønskjer forbod eller avgrensingar i moglegheita til å ta ut profitt på for eksempel drift av asylmottak.

– Eg trur mange av oss reagerer sterkt på at det er for mykje profitt i den næringa no, seier Hareide, som heller ser at kommunane sjølv eller frivillige driftar mottak.

– Det er ikkje bra med historier om personar som har kjøpt hotell for 5 millionar og så har månadsinntekter på halve summen, meiner han.

KrF opnar for eit system med profittavgrensingar, men innser at det er vanskeleg å gjere dette no mens UDI har det svært travelt med å skaffe folk tak over hovudet.

– Vi ønskjer å sjå på å leggje nokre føringar for lengre sikt på profittmarginane, seier Hareide.

Innstrammingar

Signal frå Frp og Sp viser at det neppe blir fritt for nye innstrammingstiltak når andre del av asylforliket blir presentert. Inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) har sagt at det kan bli aktuelt å kutte i ytingane og heller premiere dei som gjer det bra i introduksjonsprogrammet.

Forslaget frå UDI om å opprette brakkeleirar med inntil 3.000 asylsøkjarar i tilknyting til dei største byane, er noko fleire parti har åtvara mot.

Også dette er tema for samtalane, til liks med omfanget av og kvaliteten på norskopplæring og reglar for mellombelse arbeidsløyve. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE