Studie: Mindre truverdig med punktum
Pass på korleis du avsluttar meldingane dine!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mindre truverdig med punktum
Du har kanskje lært å avslutta setningar med punktum? Då får du tru om igjen!
Forskarar ved Binghamton University i USA har sett på korleis folk oppfattar punktum i tekstmeldingar. 126 studentar fekk sjå på ei utveksling av 16 meldingar. Dei som deltok i undersøkinga oppfatta meldingar som slutta med eit punktum som mindre truverdige og ekte, ifølgje ScienceDaily.
Studien er no publisert i Computers in Human Behavior.
LES OGSÅ: SMS – setningar med smilefjes?
– Å senda meldingar manglar mange av dei sosiale hinta som ein kan få i ein samtale ansikt til ansikt. Når folk snakkar saman, er det lett å oppfatta kjensler med blikk, ansiktsuttrykk, tonefall, pausar og slikt, seier Celia Klin, som har leia forskingsprosjektet.
Når ein skriv meldingar har ein berre bokstavane, teiknsetjing og emoticons å uttrykka seg med.
LES OGSÅ: SMS-dialekt kan truga nynorsken
– Meir truverdig med ropeteikn
I ein ny studie har Klin sett på bruken av ropeteikn. Bruk av ropeteikn blir sett på som meir truverdig og ekte enn punktum.
Forskaren ved Binghamton University er ikkje overraska:
– Teiknsetjing er brukt og forstått av dei som sender meldingar som ein måte å formidla følelsar og annan sosial informasjon. Gitt at folk er fantastisk flinke til å kommunisera komplekse og nyanserte opplysningar i samtalar, er det ikkje overraskande at det å senda meldingar utviklar seg, seier ho i ei pressemelding.
LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar