Volda positive til samarbeid med Bergen

Høgskulen i Volda viser interesse for eit breitt samarbeid med Universitetet i Bergen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Volda vil samarbeida med UiB

Universitetet i Bergen (UiB) sende tidlegare i haust eit intensjonsnotat til Høgskulen i Volda (HVO) med ønske om eit framtidig og tettare samarbeid. Mediefag og nordisk språk og litteratur var blant områda som UiB meinte peikte seg ut for å få til tettare relasjonar med HVO.

Fagleg samarbeid

Intensjonsnotatet har vore drøfta av HVO-leiinga, i styret, mellom rektorane ved dei to utdanningsinstitusjonane og i fagmiljøa ved HVO.

– Leiinga ved Høgskulen i Volda meiner det vil vere mogleg å finne fagleg baserte samarbeidsstrukturar mellom institusjonane, uavhengig av kva som blir Høgskulen i Voldas framtidige plass i den nasjonale universitets- og høgskulestrukturen, skriv HVO-rektor Johann Roppen i svaret som no er sendt UiB.

I tillegg til fagområda UiB nemnde i sin invitasjon, ser HVO også føre seg at kunst- og kulturfag kan vere eit aktuelt område for samarbeid.

LES OGSÅ:UiB vil ha Volda med på laget

Norsk ordbok

Fleire fagmiljø ved HVO har gitt tilbakemeldingar om at dei ved eit eventuelt samarbeid ligg forventningar om felles forskargrupper, nasjonale og internasjonale prosjektsamarbeid, forskarutdanning og samarbeid eller deling av toppstillingar på sentrale område.

Mellom dei konkrete forslaga til samarbeidstiltak som HVO listar som aktuelle, finn ein innanfor nordisk språk og litteratur eit forslag om språksamlingane og Norsk Ordbok. Samarbeidstiltaket handlar om ei vidareføring av språksamlingane i Bergen, samtidig som HVO ønskjer å få greidd ut om Norsk Ordbok kan bli etablert og utvikla i Volda.

Innanfor mediefaga er eit utdanningssamarbeid i praktiske mediefag inn mot Bergen Media By eitt av forslaga.

LES OGSÅ:Språksamlingane til Vestlandet

Svar i desember

HVO-rektoren viser elles til at Høgskulen i Volda arbeider saman med Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer for å danne ein høgskuleallianse som eit samarbeid mellom sjølvstendige høgskular. Høgskulen i Sogn og Fjordane har førebels valt å stå utanfor utgreiinga.

– Det er viktig for Høgskulen i Volda å få fram at alliansen og UiB-samarbeid er supplerande og forsterkande samarbeidstiltak for Høgskulen i Volda, viser Roppen til.

I januar skal HVO og dei to nemnde høgskulane leggje fram for Kunnskapsdepartementet korleis alliansen skal fungere, saman med ei vurdering av alliansen sett opp mot alternativa. HVO ber difor UiB om svar på Volda-innspela før nyttår. (©NPK)

LES OGSÅ:Droppar tvangssamanslåing av høgskular