I ruinane etter det første asylmottaket som er nedbrent, er det ingen som melder seg til å sløkke den veksande frykta i befolkninga. Aller minst justisminister Anundsen. 

Innlegget blei først publisert på Agendamagasin.no.

Justisminister Anders Anundsen (Frp) er mannen med ansvar for å halde landet trygt. Likevel har han, meir enn nokon andre, bidratt til ei kjensle av utryggheit. I ei serie utspel etter terrorangrepet i Paris gir han inntrykk av at terrorfaren er større enn vi trur.

Justisministeren seier at han ikkje er trygg på at politiet har god nok kontroll på om det kjem asylsøkarar som kan utføre terror på norsk jord. Han seier også at politiet framover vil trenge våpen for å passe på asylsøkarane, og at han vil be PST om ei ny trusselvurdering knytt til asylsøkarane som kjem – ei trusselvurdering han ikkje vil kunne dele med offentlegheita. Han deler berre at han er redd.

I helga brann det komande asylmottaket på Lindås i Hordaland ned til grunnen.

Det bidrar til å gjere andre redde. I går brann det komande asylmottaket på Lindås i Hordaland ned til grunnen. Politiet har slått fast at brannen var påsett. Om det er frykta som har tatt overhand, veit vi ikkje endå. «Dere sier at dette ikke har noe med terrorisme å gjøre, men tre av de som var involvert i terroraksjonen i Frankrike kom dit gjennom flyktningstrømmen. Når får vi vite hvem som kommer? Skjer det først når de er her?» Sitatet er frå eit folkemøte på Askøy utanfor Bergen.

Etter at justisministeren delte si eiga frykt i offentlegheita, vart det halde ei rekke slike møter i norske kommunar der det er planar om å etablere asylmottak. I Høyanger er befolkninga bekymra for at det skal kome så mange asylsøkarar til bygda. Folk er redd for gnissingar mellom lokale og «dei nye».

Over heile Europa er dei innvandringskritiske og populistiske partia, ei rase der Frp høyrer heime, på frammarsj. Også i Norge er det Frp som ser ut til å vinne flest veljarar på frykta som spreier seg i befolkninga. På alle dei siste målingane har partiet hatt signifikant framgang på opp mot fem prosentpoeng.

Får vi terroristar i våre gater? Blir det uttrygt i mitt nabolag? At folk stiller slike spørsmål er bra for Frp, for det er dei som tilsynelatande sitt med dei klaraste og minst nyanserte svara: Vi bør ikkje ta imot desse menneska. Vi bør i det minste gjere det vanskelegast mogleg for dei å kome seg hit. Anders Anundsen veit alt dette.

Korleis skal folk kunne stole på at dei som kjem hit ikkje vil gjere oss vondt når landets justisminister seier at han ikkje er trygg på det?

I heimkommunen min, Radøy, skreiv alle foreldra i ein av barnehagane under på eit brev med mange spørsmål om det nye mottaket, mellom anna: «Vil dagens inngjerding bli utbetra?». Folk er redde og bekymra. Ikkje så rart kanskje. Korleis skal folk kunne stole på at dei som kjem hit ikkje vil gjere oss vondt når landets justisminister seier at han ikkje er trygg på det?

Det er lov å vere redd og stille spørsmål. Det er naturleg å bekymre seg for kva som vil skje med den lille bygda di viss hundrevis av asylsøkarar plutseleg skal bu der. Det er nettopp difor vi treng nokon ansvarlege vaksenpersonar som står fram og gir faktabaserte svar til dei som spør. Nokon som kan leie oss gjennom det uttrygge og stormfulle farvatnet. Dei tilsette i UDI prøvar så godt dei kan.

Eg har sett dei sei ting som: «Syria er eit land i krig. Dei som kjem er folk som deg og meg. Det er ingen som ønskjer å vere flyktning». Eller: «Eg forstår skepsisen, men eg vil gjerne utfordre kritikarane til å sjå på det på ein annan måte. Dette gir moglegheit til å styrke både idrettslaget og skulemusikken». Folk som prøvar å gjere det beste ut av situasjonen.

Dei veit nemlig det landets regjering også veit, sjølv om de unnlét å opplyse om det: At det er eigentleg liten grunn til å vere redde. Politiets Sikkerheitsteneste seier sjølv at det framleis er lite sannsynleg at det norske asylinstituttet blir brukt av grupper som ISIL og al-Qaida til å sende personar hit for å utføre terrorhandlingar.

Dei politiske leiarane i landet; statsministeren, justisministeren og dei andre statsrådane, sit musestille og ser på at folk er redde.

Dessverre er UDI sine tilsette sørgjeleg åleine i denne kampen. Dei politiske leiarane i landet; statsministeren, justisministeren og dei andre statsrådane, sit musestille og ser på at folk er redde. Anna enn at dei ved jamne mellomrom kjem med utspel som er eigna til å skremme folk endå meir, slik som når justisministeren seier at «spørsmålet er om vi har kommet over i en generell fase hvor vi rett og slett må frasi oss den luksusen det er å ha et ubevæpnet politi» – med henvisning til terroren i Paris.

Ingen fakta av typen «flyktningane som kjem hit er ikkje farlege, dei flyktar frå dei same menneska som vi fryktar», eller oppmodingar av typen «no må alle stå saman om å ønske flyktningane velkomne til våre nabolag». Berre meir frykt.

Det er kanskje berre meg, men eg får sterke assosiasjonar til den fiktive rollefiguren «Skremmern» i Trond Kirkvaags skikkelse. Det er han som likar å gå rundt og skremme folk, og som etterpå alltid stiller spørsmålet «Vart du skræmt no, ja?». Han held sirleg oversikt over kor mange som til ei kvar tid har latt seg skremme. Det er sjølvsagt ingen seriøs samanlikning med justisminister Anders Anundsen, men det er likevel den assosiasjonen eg får.

Det er ofte dei som ikkje vil ha asylsøkarar og flyktningar i landet som seier at Europa brenn, men no brenn landa våre av frykt. Kven var det eigentleg som tente på, og kvifor gjer ikkje justisministeren ikkje noko for å sløkke frykta?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

Kommentarar

ANNONSE