Sikrar framleis støtte til LNK

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frp, Høgre, KrF og Venstre er samde om å løyva 1,2 millionar kroner til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i 2016. Det er ein auke på 100.000 frå året før.

– Me fire partia meiner LNK har jobba godt over mange år. Det er viktig at nynorsken har ei overbygning i kommunane. LNK speler ei rolle i arbeidet med kommunereforma, for å passa på at nynorsken ikkje blir skadelidande, fortel Helge André Njåstad (Frp), leiar i Kommunalkomiteen.

Han har sjølv vore ordførar i 10 år i ein medlemskommune i LNK, og kjenner godt til arbeidet til organisasjonen.

Bjørn Lødemel (H) er glad for at fleirtalet har klart å vidareføra støtta til LNK.

– Som stortingsrepresentant frå ein nynorskregion er det viktig å sikra nynorsken sin rettmessige plass, og eg er veldig glad for at støtta til LNK er sikra. Det er viktig å sikra nynorsken i den viktige delen me no går inn i med kommunereforma, seier han.

Han får støtte frå Andre Skjelstad frå Venstre, som hadde løyving til LNK inne i partiet sitt alternative statsbudsjett:

– Me er godt nøgde med at me fekk det til gjennom forhandlingar i komiteen, seier han. Skjelstad håpar no at støtta vil ligga som ei fast sum på statsbudsjettet framover.

– Slik slepp ein den usikkerheita som har blitt skapt, påpeikar han.

LES OGSÅ: Fryktar fleire språknøytrale kommunar

– Letta og veldig glade
Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, er glad for at statsstøtta er sikra.

– Komiteenunderstrekar det viktige arbeidet Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjer for å sikra  nynorsk som eit jamstilt og fullgodt bruksspråk innafor alle delar av det offentlege.  I tillegg til arbeidet med å styrkja samhaldet mellom nynorskkommunane gjennom aktiv satsing på nettkommunikasjon og faglege samlingar, har LNK ei særleg oppgåve med å syta for at nynorsk språk ikkje vert skadelidande som følgje av kommunereforma, seier han.

Kutt i statsstøtta ville gått hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion – i tillegg til språkkurs og anna nynorskarbeid retta mot dei 124 medlemene i organisasjonen. Av desse er 103 kommunar og fire fylkeskommunar.

Gunhild Berge Stang (V), ordførar i nynorskkommunen Fjaler og vara til Stortinget, er òg glad for at LNK er sikra støtte.

– LNK er eit viktig nettverk for nynorskkommunane, også i andre saker enn språk. Me er mange små kommunar med felles utfordringar. LNK er viktig i kommunereforma der språk blir eit tema, seier ho.


LNK har ansvar for drifta av Framtida.no.