Har staten planar om rettsbrot?

Det er berre viss staten har planar om rettsbrot, at dei har grunn til ikkje å ratifisere Barnekonvensjonen sin tilleggsprotokoll.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den 20. november har Barnekonvensjonen bursdag. I dag feirar vi at alle born har grunnleggjande rettar, som dei har krav på å få innfridd. Så kva passar vel ikkje betre enn nettopp i dag å gi alle born ei ekstra stor gåvepakke?

Kvar dag opplever born i dei nordiske landa brot på sine rettar. Her i Norden blir vi gjerne sett som føregangsland innan menneskerettar, men når det kjem til born sine rettar slik dei er nedfelt i FN sin Barnekonvensjon, har Noreg og Sverige ein lang veg å gå før vi kan seie at desse er innfridd for alle. Det må vi gjere noko med!

Den tredje tilleggsprotokollen til Barnekonvensjonen er ein internasjonal menneskerettsavtale som gir born rett til å klage brot på sine rettar inn for FN sin barnekomité. Born kan klage viss rettssystemet i heimlandet ikkje har kunna rette opp i brotet. Tilleggsprotokollen tredde i kraft 14. april 2014, tre månader etter at han vart ratifisert av det tiande landet i rekkja.

Denne valfrie protokollen er eit steg i riktig retning for born, og over heile verda ser vi gryande interesse for å strekkje seg endå lenger. Dette er bra, men vi har ikkje grunn til å feire før alle born i verda får sin individklagerett.

Kvifor er det så viktig med ein uavhengig komité som kan overstyre regjeringa i eit land? Først av alt fordi alle land i verda, bortsett frå USA, har ratifisert Barnekonvensjonen. Artikkel 12 i konvensjonen seier at «Partane skal garantere eit barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, retten til fritt å gi uttrykk for desse synspunkta i alle forhold som vedkjem barnet, og tilleggje barnet sine synspunkt forsvarleg vekt i samsvar med alder og mognad». For dette formålet burde born spesielt få moglegheit til å bli høyrt i ein kvar rettsleg eller administrativ prosess dei vert påverka av. Alle born har rett til å bli høyrt i saker som vedkjem dei, og alle saker vedkjem born. Når eit barn opplever at staten bryt rettar, bør barnet difor kunne ta dette opp med ein internasjonal menneskerettskomité som ikkje er styrt av politiske rammer gitt av regjeringa i eit land.

Viss det ikkje har konsekvensar å bryte menneskerettane, har dei heller inga meining. Mange konvensjonar opnar for individklagerett, og denne moglegheita bør også bli gitt til born, elles blir FN sin barnekomité ein lettvektar.

Born i Tyskland, Spania, Costa Rica, Portugal, Slovakia, Gabon, Bolivia, Montenegro, Thailand og Albania har fått individklagerett. Det same har Danmark og Finland. Samtidig sit nokre nordiske land framleis på gjerdet med si ratifisering. Vi spør kvifor? Viss ikkje vi, som ser på oss sjølve som menneskerettspionerar, vil ta føringa og gi born faktiske rettar, kven skal då gjere det? Mange ventar berre på at fleire nordiske land, som Sverige og Noreg, skal starte prosessen med ratifisering. Viss våre land saman bestemmer seg for å ta eit steg i riktig retning, vil det gjere bodskapen tydelegare enn nokon gong.

Det er berre viss staten har planar om rettsbrot, at dei har grunn til ikkje å ratifisere Barnekonvensjonen sin tilleggsprotokoll.

Dette er ikkje ei politisk sak. Ratifisering handlar utelukkande om born sine rettar. Så kjære Erna Solberg og Stefan Löfven: Redd Barna sine ungdomsorganisasjonar blir ikkje nøgde før de ratifiserer!


Jorge Maria Londoño
, leiar i Rädda Barnens ungdomsförbund (RBUF)

Karoline Steen Nylander, leiar i Press

Cecilie Hansen, leiar i Red Barnet Ungdom (RBU)