Språkprisen 2015 til Einar Økland

Forfattaren Einar Økland tok i mot prisen på Språkdagen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år deler Språkrådet ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Årets prisvinnar har ei sjeldan breidde og vinn prisen for dei to siste bøkene Norske malebøker og artikkelsamlinga Fotgjengar med fotnotar

Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Prisen er på 100.000 kroner i tillegg til eit diplom. Språkprisen blir delt ut på Språkdagen 2015 i Oslo Konserthus av styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet. Prisen blir delt ut annakvart år for bokmål og nynorsk. I år står nynorsk for tur. Prisen blir gjeven for einskildverk eller produksjonar frå dei fem siste åra og kan gå til personar eller institusjonar, bedrifter og organisasjonar.

LES OGSÅ: Ravatn skal skriva bok om Økland

Grunngjevinga for prisen

Einar Økland får prisen for Norske malebøker (2012) og Fotgjengar med fotnotar (2013). Juryen har lagt vekt på at Økland skriv bøker i nesten alle sjangrar. Han løfter fram kulturhistorie som andre bryr seg mindre om, og kvardagshendingar eller tilsynelatande marginale fenomen som vi har rundt oss. Stilleiet er umiskjenneleg hans eige, men samstundes tilgjengeleg og inkluderande. Utkantane vert sentrum i tekstane hans, både dei geografiske utkantane og utkantar i vår massemedietid.

– Einar Økland skriv godt og han skriv klokt. Gjennom sin skrivestil greier han å engasjere og skape nysgjerrigheit for dei tema han ønskjer å formidle kunnskap om, seier juryleiar Kjartan Vevle.

Einar Økland (f. 1940) er forfattar, dramatikar, lyrikar, kritikar, essyaist og psykolog. Økland har sidan 1963 gitt ut over seksti bøker for vaksne og barn innanfor mangfaldige sjangrar. Han er busett i Sveio kommune i Hordaland.

BOKMELDING: Vil du bli statsminister når du blir stor?

Dei nominerte til Språkprisen

Alfred Fidjestøl, Kristin Fridtun, Erna Osland, Morten Søberg, Øyvind Vågnes og Einar Økland var nominerte til Språkprisen 2015.

– Lista over nominerte til Språkprisen 2015 viser at ein finn godt nynorsk språk i alle sjangrar av sakprosa, skriven av både yngre og eldre og kvinner og menn. Det er eit godt teikn for framveksten av den nynorske sakprosaen, uttalar Vevle.

I dei seinare åra har tidsskriftet Vagant og forfattarane Gyrid Gunnes, Edvard Hoem, Erik Tunstad, Agnes Ravatn, Elisabeth Aasen, Stephen Walton, Kjartan Fløgstad og Karin Sveen fått Språkprisen.