Må få meir plass i skulen, meiner Språkrådet.

NPK
NPK

Sjølv om kvar tredje skuleelev i Noreg er fleirspråkleg og språkmangfaldet florerer i skulegarden, blir sjeldan fleirspråklegheit utnytta som ressurs i timane, viser ei ny undersøking. Fleirspråklegheit må få større plass i læreplanar og kompetansemål, meiner Språkrådet.

Berre éin av tre lærarar har tatt opp fleirspråklegheit som emne i undervisninga, og få har planar om slik undervisning, viser undersøkinga «Rom for språk?», som fleirspråklegheitssenteret MultiLing ved Universitetet i Oslo og Ipsos MMI har gjort på oppdrag frå Språkrådet.

Problematisk

Rådgjevar Ingunn Indrebø Ims i Språkrådet meiner det er problematisk at lærarane i så liten grad utnyttar språkmangfaldet blant elevane i undervisninga.

– Denne usynleggjeringa av fleirspråklegheit er problematisk. Skulen skal reflektere det samfunnet vi har, ikkje minst det språklege mangfaldet, seier rådgjevar Ingunn Indrebø Ims i Språkrådet.

Det nokså låge innslaget av fleirspråklegheit i klasserommet står i kontrast til språkferdigheitene til elevane, viser undersøkinga. Éin av tre elevar kjem frå ein fleirspråkleg heim, og i friminutta tyr elevane ofte andre språk enn norsk gjennom lånord og bruk av ord og setningar frå andre språk. Engelsk dominerer, ikkje minst i form av slang som «oh my god», «bitch» og «I don't know», men det blir òg snakka arabisk, fransk, kurdisk, somalisk, spansk, tysk og vietnamesisk, viser undersøkinga.

Bør tidleg inn

I undersøkinga, som er gjort blant elevar og lærarar på 5.– 6. og 9.– 10. årstrinnet over heile landet, seier elevane dessutan at dei ønskjer å kunne bruke andre språk enn norsk oftare i skulekvardagen. Det gjeld særleg elevane i femte- og sjetteklasse.

– Vi meiner dette bør få følgjer for læreplanane og kompetansemåla i framtida. Elevane i grunnskulen bør få undervisning i fleire språk enn norsk og engelsk tidlegare enn dei gjer i dag. Forskinga viser at det styrkjer den språklege læringsevna å ta i bruk fleire språk tidleg, seier Indrebø Ims. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE