Svein Olav Langåker/Andrea Rygg Nøttveit
Svein Olav Langåker/Andrea Rygg Nøttveit
Faktaboks

Normprosjektet

• Truleg verdas største skriveprosjekt i skulen. Over 3000 elevar og 500 lærarar er med.
• 20 samarbeidsskular, mellom dei Tjødnalio skule og Sagvåg skule i Stord.
• Starta i 2012 og varer til 2016.
• Målet er å finna ut kor godt ein kan forventa at elevar på ulike trinn skal kunne skriva.
• Gjennom systematisk samarbeid mellom lærarane skal ein utvikla ei felles forståing av skriving og skriveoppgåver, forventningar om skrivekompetanse og læringsstøttande vurdering.
• Lærarane bruker det dei kallar skrivehjulet til å visa korleis skriving kan brukast til å overtyda, samhandla, reflektera, skildra, utforska og sjå for seg saker.

Les meir om Normprosjektet på norm.skrivesenteret.no

Sju vurderingsområde for skrivinga:

• Kommunikasjon
• Innhald
• Tekstoppbygging
• Språkbruk
• Rettskriving og formverk
• Teiknsetjing
• Bruk av skriftmediet

Les meir om den nye språk-, lese- og skrivestrategien her!

LES FAKTALUKK FAKTA

Norges største skriveprosjekt har samla elevtekstar frå 3000 elevar. Det såkalla NORM-prosjektet finn ikkje forskjellar i sluttresultatet mellom nynorsk- og bokmålselevane.

Men Hjalmar Eiksund ved Nynorsksenteret har sett nærmare på korleis elevane gjer det innanfor kvart vurderingskriterium. Her viser det seg at nynorskelevane kjem dårlegare ut når det gjeld rettskriving. Men innanfor kommunikasjon og innhald kjem dei svakt betre ut, slik at sluttresultatet blir det same.

LES OGSÅ: Nye studentar for dårlege til å lesa og skriva

– Nynorsknorma er meir uklar for nynorskelevane. Det ser òg ut til at lærarane aksepterer ein del feil som er påverka av bokmål, seier Synnøve Matre, professor ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, og leiar for NORM-prosjektet.

– Det er klart behov for ei språkleg bevisstgjering og gjera nynorsknorma klarare, seier ho.

Matre meiner det er viktig å skriva mykje.

– Det er òg utruleg viktig med tidleg start. Bokmålselevane bør få skriva nynorsk frå første klasse, og ein bør bruka nynorsk litteratur kontinuerleg.

Ho meiner samtalen om språk har ei nøkkelrolle.

– Det er då det blir moro, seier ho.

LES OGSÅ: – Greitt å skriva dårleg nynorsk

Mållaget skriv ut medisin
–  I kraft av at nynorsk er eit mindre brukt språk, vert nynorsknorma litt meir uklår. Dette kan kompenserast gjennom opplæringa. Det er skulen si oppgåve å gjera elevane gode å skriva norsk – anten det er nynorsk eller bokmål, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.  

Ho viser til tidlegare utsegn frå Matre, som under Nynorskkonferansen i Bergen fortalde at hennar inntrykk var at lærarane ser at elevane skriv feil, men at dei ikkje bryr seg.

Mållagsleiaren meiner at dette handlar om at lærarane manglar opplæring i korleis ein skal gje elevane nynorskopplæring, soleis manglar dei verkemidla som trengs.

Ho er difor ikkje i tvil om at det er trong for ei betre lærarutdanning  og meir pugging i nynorskopplæringa.

– Det er vanleg praksis i alle andre fag. Om du ikkje klarar å rekna godt nok, så må du øva meir på rekning. Det er vanskeleg å sjå noko anna løysing enn at ein må ha meir fokus på rettskriving inn i opplæringa, slår Tennø fast.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE