Her er appen som vil hindre nettmobbing

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Hore» blir «prinsesse»

Den svenske appen «Fulfiltret», styggfilteret, skal hjelpe folk med å vere snillare på nett. Det gjer den rett og slett ved å filtrere ut banneord og fornærmingar etter kvart som ein tastar inn orda på tastaturet. I staden får mottakaren eit kompliment.

Appen er lansert av eit svensk forsikringsselskap og er del av ein kampanje mot nettmobbing.

– Vi vil hjelpe til å flytte samfunnet i ein meir positiv retning. Ein viktig del av det er å gjere dialogen mellom folk meir sivilisert, seier Fredrik Löfgren frå forsikringsselskapet i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Denne boka burde nettmobbarane lese

Nettmobbing skil seg frå vanleg mobbing
Mange barn og unge opplever nettmobbing. På nett og mobil kan mobbinga skje døgnet rundt, og den blir ofte usynleg for dei vaksne. For andre på same alder er mobbinga derimot veldig synleg.

Medietilsynets siste undersøking av medievaner syner at kring kvar fjerde barn har sett at nokre vert mobba eller truga på ulike nettsamfunn.

Treng du nokon å snakke med? Kontakt Kors på halsen – ei hjelpelinje der du kan vere heilt anonym.

Slik virkar appen
Videoen under syner korleis appen erstattar stygge ord med langt snillare ord, og dermed fysisk hindrar nettmobbing.

Fulfiltret vert installert som eit ekstra tastatur på mobilen.

LES OGSÅ: – Det hende ofte at dei lugga meg eller spente bein

Førebels er appen berre tilgjengeleg på svensk, men, for å gi døme på norsk, så endrar den ord som «idiot» og «kjerring» til «geni» og «stjerne».

Saka held fram under videoen.

Fulfiltret (Nasty Filter) from Stendahls Film on Vimeo.

Med Fulfiltret vil grundarane kaste ljos over nettmobbing og jobbe mot lidingane problemet skaper.

– Samfunnet har diverre blitt hardare. Appen er openbart ikkje løysinga på problemet, men det er ein måte å løfte det fram og skape diskusjon om korleis vi kommuniserer i dag. Kvar dag vert eit barn eller ein ungdom krenkja gjennom mobilen eller dataen. Det er sosialt problem, ikkje eit individuelt problem. Difor må næringsliv og skular jobbe saman, seier Löfgren i pressemeldinga.

Korleis ein skal få nettmobbarane til å frivillig installere ein antimobbeapp seier pressemeldinga ingenting om.

LES OGSÅ: Mest mobbing via Snapchat