– Det hende ofte at dei lugga meg eller spente bein

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det hende ofte at dei lugga meg

Porten.no har tidlegare fortald om 16 år gamle Julie Neshagen som opplevde mobbing på Lærdalsøyri skule. No ynskjer enda eitt mobbeoffer å fortelje si historie.

Våren 2011 avslutta Iris Farlora sin ti år lange skulegang ved Lærdalsøyri skule. For ho markerte dette slutten på ein lang og vond skulekvardag.

Iris ynskjer no å fortelje si historie, for at andre som opplever det same som ho, ikkje skal føle seg åleine.

– Eg håpar at dette vil hjelpe nokon. I Lærdal vert ein sett ned på dersom ein er annleis, og sånn tykkjer eg ikkje det skal vere. Det gjer meg trist å tenkje på kor mange som har fått liva sine øydelagde på grunn av mobbing ved Lærdalsøyri skule, fortel den 19 år gamle jenta.

Begynte tidleg
Iris fortel at mobbinga tok til allereie på barneskulen.  Ho kan minnast at ho allereie i 2.klasse kvidde seg til å gå på skulen. I byrjinga vart Iris mobba på grunn av at ho ikkje er heilt norsk, både mora og faren til Iris kjem frå Chile.

Negative kommentarar om ei litt mørkare hud,  og håning av eit språket som til tider var gebrokkent og latterleggjering av foreldre som heller ikkje var stødige i norsk, vart til ein naturleg del av skulekvardagen for den vesle jenta.

– Det hende ofte at dei lugga meg, dytta til meg eller spente bein på meg. Likevel var det mest forvirrande for meg at dei alltid spurde kvar eg var frå. Eg skjønte ikkje kvifor dei spurde, for eg var jo fødd og oppvaksen i Lærdal, akkurat sånn som dei.

«Det er din eigen feil»
Iris sa tidleg ifrå til foreldra sine om kva ho gjekk gjennom, og saman tok dei opp kampen mot mobbinga. Foreldra tok kontakt med både mobbarar og deira føresette, men dei nådde ikkje fram.

Etter kvart som tida gjekk, utvikla Iris ein eigen klestil. Ho slutta å vere flau over seg sjølv og leggje skjul på kven ho var, og begynte å kle seg i dei kleda ho sjølv ville. Den punkete stilen hennar gjorde at ho skilde seg enda meir ut frå dei andre på hennar alder.

Noko av det fyste foreldra til Iris gjorde, var at dei gjekk til lærarane og fortalde korleis situasjonen var. Ikkje lenge etter vart det arrangert eitt møte mellom lærar og dei føresette til Iris. Men møtet gjekk ikkje heilt som dei hadde håpa på. Under møtet ymta lærarane frampå at det var den vesle jenta sjølv som hadde skuld i at ho vart erta.

 Mobbinga endra seg
Då Iris var 10 år og begynte i 5. klasse, endra mobbinga seg. Mobbinga var ikkje lenger like fysisk og lett å få auge på. Mobbinga vart med eitt mykje meir skjult, og den psykiske mobbinga vart ein større del av skulekvardagen. For Iris verka det som om mobbarane bevisst tydde til psykisk mobbing, fordi det var klar over at lærarane kunne oppdage den fysiske mobbinga.

– Den fysiske mobbinga var ille, men ikkje på langt nær så ille som den psykiske mobbinga. Eg opplevde at klassekameratane mine gjorde narr av meg, haldt meg utanfor og verkeleg fekk meg til å føle at eg ikkje var nokon ting.

Sjølv om fleire lærarar var innom klassen, følte Iris at ingen reagerte. Dei klarte ikkje å ta tak i roten til all mobbinga.

Artikkelen held fram under biletet

GLAD: Trass i alt som skjedde prøvde Iris å vere ei smilande og blid jente. Dette biletet er tatt på 12-årsdagen hennar. Foto: Privat

LES OGSÅ: Jobbar aktivt mot mobbing

Trua med politimelding
Det var ikkje før Iris kom på ungdomsskulen at ho følte nokon tok ho litt på alvor. Iris fekk nye kontaktlærarar, og ho seier sjølv at desse to synte større velvilje til å hjelpe ho. Ho føler at dei prøvde å ta tak i problemet, men at dei diverre ikkje lukkast. Dei reagerte alt for seint.

Då ungdommane fylte 15 år, endra situasjonen seg drastisk. Når ein har fylt 15 år, er ein over den kriminelle lågalderen, og det var noko mora til Iris poengterte ovanfor mobbarane. Dersom ho no skulle finne på å gjere noko mot Iris, ville saka hamne i politiet sine hender. Då tok mobbinga brått slutt.

Men det var for seint. Sjølvtilliten og sjølvkjensla til Iris var allereie øydelagd, og den langvarige mobbinga hadde sett djupe spor. Ho var ikkje meir enn 12 år gamal då ho byrja å gå til psykolog regelmessig.

Tunge tider
Trass i psykologisk hjelp vart minna og opplevingane for tunge og bære åleine. Iris fekk veldig mørke tankar, og depresjonen påverka livet hennar i stor grad. Sjølv om ho var ein fysisk frisk 16 åring, hadde ho dagar der ho ikkje eingong makta å forlate senga.

– Når eg tenkjer attende på det no tykkjer eg det er eit under at eg overlevde. Eg var ikkje verdt nokon ting, og tenkte fleire gonger at eg ikkje ville leve lenger. Nokre gonger var eg veldig nære på å gjere dei tankane til realitet.

– Det verste er vel eigentleg at dei var klare over at dei gjorde livet mitt til eit helvete, og dei likte det.

Måtte avbryte vidaregåande
Etter ti år ved Lærdalsøyri skule begynte Iris på den vidaregåande skulen i Sogndal. Sjølv om mobbarane ikkje lenger mobba ho, kjende ho at klumpen i magen aldri forsvann. Iris vart innlagt på ungdomspsykiatrien i Førde i seks veker grunna problem med å fungere i kvardagen. Skulekvardagen vart for vanskeleg, og ho såg ingen andre utvegar enn å avbryte.

–  Eg såg dei over alt. Både på skulen og på bussen fram og tilbake frå Lærdal. Det kjendes ut som om eg framleis satt fast i fortida, medan mobbarane levde vidare. Det verka som om dei heilt hadde gløymt kor jævlig dei hadde gjort livet mitt, og det enda med at eg rett og slett ikkje klarte meir.

Etter berre seks månadar på skulen i Sogndal valde Iris å droppe ut, og like etter flytta ho til storesystera i Bergen.

Tenkjer framleis på det
Når Iris no tenkjer attende på det ho opplevde og det som skjedde, er det mange tankar, minner og spørsmål som svirrar rundt i hovudet. Iris skildrar situasjonen ho var i som håplaus, og har store problem med å forstå kvifor ingen greip inn for å hjelpe ho.

– Nokre gonger lurer eg på om lærarane var blinde og ikkje såg det. Andre gonger tenkjer eg at dei valde å ikkje sjå det. Eg trur dei viste kva som skjedde og kva eg gjekk gjennom, men at dei valde å ikkje gripe inn. At dei ikkje brydde seg.

Iris kjende seg ofte usynleg, og at ingen eigentleg såg kva ho sleit med. Få nære vener og stempelet som «outsider» gjorde ikkje situasjonen lettare. Ho understrekar og at lærarane aldri skulle gitt ho skulda for å verte mobba. Ho meiner at lærarane skal gå aktivt inn for å hjelpe eleven, i staden for å påpeike at eleven er annleis.

Har det betre no
I dag bur Iris framleis i Bergen saman med syster si, og ho har det mykje betre enn tidlegare. Likevel kan ho ikkje seie at ho har det heilt fint. Hendingane frå barndommen har ho framleis friskt i minne, og dei påverkar livet hennar den dag i dag.

– Eg har brukt lang tid på å hate Lærdal, men i det siste har det vorte lettare å reise heim. Eg har på ein måte vorte meir likegyldig, samstundes som eg sit att med vonde kjensler. Stundom kjenner eg at eg er oppgitt og bitter. Eg prøver å leggje det bak meg, men det er ikkje alltid like lett.

No vonar Iris Farlora at ho kan bidra til å gjere ting betre for andre. Ho konsentrerer seg difor om skulen, men på fritida brukar ho mykje tid på Raud ungdom.

– Eg har eigentleg mista litt trua på folk, men har bestemt meg for å gjere alt eg kan for å hjelpe andre. Eg vil gjere ein forskjell, avsluttar Iris.

Les saka på Porten.no!