Legen som tok bladet frå munnen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig fleire fysisk friske nordmenn går på ulike form for legemiddel. Dobbelt så mange barn med ADHD går i dag på medisinar samanlikna med for ti år sidan. Talet på barn og unge som nyttar sovemiddel og antideprressiva har også dobla seg på like mange år.

Samtidig har det i den samme perioden vore ein sterk auke av nordmenn med ein psykiatrisk diagnose. Depresjon, ADHD, ME, Autisme og Asbergers er døme på sjukdommar som har skutt i vêret dei siste åra.

Er dette eit bilete på eit suksessfullt helsevesen som stadig klarar å fange opp fleire pasientar som før i tida vart neglisjert, eller er dette eit signal om at noko er riv ruskande gale i måten me som samfunn forheld oss til vanskelege ting i livet?

LES OGSÅ: – Vi må få slutt på tausheita

Denne vekas Uten Filter-gjest meiner diagnostiseringen og medisineringa av nordmenn har gått langt over sine breidder. Gisle Roksund har vore allmennpraktiserande lege i snart 40 år og er fast spaltist i avisa Varden, og tok i haust bladet frå munnen i Aftenposten, der han advarte om ein vestleg psykiatri i djup krise.

– Det har skjedd ein svær inflasjon i bruken av diagnosane. Ein blir ein meir oppteken av symptomar enn personen. Pasientane opplever at dei ikkje blir sett som person, men blir tingliggjort til ein diagnose, seier Gisle Roksund til Uten Filter.

Den erfarne legen opplever at legemiddelindustrien har hatt sterk påvirkningskraft for å utvide diagnosebruken, slik at stadig fleire får resept hos legen.

– Me som fagfolk har blitt forført av legemiddelindustrien, kor legemiddelindistrien sin måte å takle dette på har vore å lage forskning som faktisk er skeiv, der berre dei positive resultatene vert publisert, og dei negative resultatene har ikkje blitt offentleggjort.

– Mange av psykiatarane har tette band til legemiddelindustrien, og det bekymrer stort, fortel Roksund.

LES OGSÅ: – Antidepressiva gjer meir skade enn nytte

Han trur den auka diagnostiseringa ironisk nok gjer at folk blir verande sjuke lenge, og får støtte av forskninga der det kjem fram at meir enn kvar fjerde tenåring med psykiske problem går på medisinar ti år seinare.

– Folk som ser på seg sjølv som friske, dei får det betre og blir friske, medan dei som oppfattar seg som sjuke blir faktisk sjuke. Så her er det eit stort element av sjølvoppfyllande profeti.

Høyr heile intervjuet her:

Faktaboks

Framtida.no har byrja å samarbeida med podcasten Uten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C