Ekspert trur asylstraumen er ein russisk provokasjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ekspert om asylstrøm: - Russisk provokasjon

Nilsen seier til NRK at han ser mange teikn til at russarane ønskjer å teste den norske grenseberedskapen for å finne ut om det får politisk effekt i Noreg.

– Kanskje gjer dei det for å skape splid om sanksjonsregimet innanfor Noreg, eller for å vise den store flyktningstraumen som vil komme frå Syria dersom ikkje Assad-regimet får støtte og ein får slutt på krigen der, seier han, og legg til:

– Vi er ei brikke i eit storpolitisk spel, og det trur eg er viktig å forstå når vi ser den store migrantstraumen over grensa på Storskog.

LES OGSÅ: Kraftig auke i talet på flyktningar via Russland til Noreg

Har bedt om svar
Hittil i år har over 2.000 asylsøkjarar kryssa grensa frå Russland til Noreg ved Storskog i Finnmark. Fram til september i år var det berre komme 35 frå Russland til Finland.

I førre veke heldt norske og russiske styresmakter eit møte på embetsnivå der spørsmålet om kvifor så mange asylsøkjarar kjem over Storskog blei tatt opp.

Ifølgje Utanriksdepartementet kasta møtet lys på viktige spørsmål, men utan at det gav svar.

– Vi vil halde kontakten med russiske styresmakter for å få gode svar på kvifor det kjem så mange asylsøkjarar over Storskog, seier pressevakt Veslemøy Lothe Salvesen i UD til NTB.

Noreg har vedteke utvist fleire russiske statsborgarar som har komme over Storskog for å søke asyl, i tillegg til ein syrar med langvarig opphald i Russland.

– Fleire av dei som kjem no har sterk tilknyting til Russland gjennom dobbelt statsborgarskap, opphaldsløyve eller visum, sa justisminister Anders Anundsen (Frp) til NTB førre veke.

LES OGSÅ: Nordmenn redd for å bli smitta av flyktningar

Fryktar stengt grense
I det siste har fleire politikarar, mellom dei stortingspolitikar Jan-Henrik Fredriksen (Frp), teke til orde for å stengje grensa mot Russland for å få kontroll på asylstraumen.

Men ei stengt grense vil råke næringslivet i Finnmark hardt, åtvarar administrerande direktør Greger Mannsverk i skipsverftet Kimek.

– Det vil vere ein katastrofe for Kirkenes-samfunnet og for oss som verksemd. Det er ikkje noko vi kan leve med, seier han til NRK.

– Stenging vil bety at ein hindrar våre kundar i å komme til oss, forhandle og følgje opp jobbar vi gjer. Og det vil komme på toppen av den boikotten ein alt har mot Russland, noko som vil gjere situasjonen heilt utoleleg.

I dag kan nordmenn og russarar som bur i grenseområda bevege seg fritt over grensa.

LES OGSÅ: Fleire asylsøkjarar ved grensestasjonane

Ny rekord
Onsdag kom det 116 asylsøkjarar til Storskog grensekontrollstad ved Kirkenes. Det er det meste på éin enkelt dag nokon gong.

Den førre toppen ved Storskog var 12. oktober i år, då Østfinnmark politidistrikt registrerte 111 asylsøkjarar som kryssa grensa. I førre veke kom det snautt 500 søkjarar hit, omtrent like mange som veka før.

68 prosent av asylsøkjarane som kom til Storskog i førre veke var frå andre land enn Syria. Afghanarar utgjer no den største gruppa, med 38 prosent av dei nykomne i veke 43, ifølgje Aftenposten , som har henta tal frå Politiets utlendingseining. (©NPK)