Fleire asylsøkjarar ved grensestasjonane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over grensa mot Sverige ved Svinesund kom det 118 personar måndag og tysdag, opplyser politiførstebetjent Magne Stenkløv i Østfold politidistrikt til NTB. Førre veke søkte til saman 162 personar asyl ved grenseovergangen.

LES OGSÅ: Har aldri kome fleire mindreårige asylsøkjarar

Ved grensestasjonen Storskog i Finnmark har 27 personar søkt om asyl hittil denne veka. Førre veke kom det totalt 55 asylsøkjarar over grensa frå Russland, opplyser Østfinnmark politidistrikt. Så langt i år har 260 personar kryssa den russisk-norske grensa i Finnmark og bedt om asyl i Noreg.

Dei fleste kjem frå Syria, og flyktningruta frå det krigsherja landet via Russland til Sør-Varanger er rask, berre ein har pengar. Frå Syria tar mange fly til Moskva, enten direkte eller via Tyrkia eller Libanon. Derfrå går turen med fly til Murmansk og med buss til Nikel.

– Dersom du har pengar, kjem du deg frå Damaskus til Storskog på under 48 timar. Dette er ein «fasttrack» til Schengen, seier stasjonssjef Hans Møllebakken ved Kirkenes politistasjon til VG.

Ifølgje NRK var hotella i Kirkenes fulle natt til onsdag, og 13 flyktningar måtte fraktast til Bioforsk Svanhovds konferansesenter i Pasvikdalen, som ligg fire mil sør for Kirkenes. Utlendingsdirektoratet (UDI) arbeider no med å klargjere Fjellhallen i Kirkenes til transittmottak. (©NPK)

LES OGSÅ: Trur Noreg må busetje 15.000 nye asylsøkjarar